Fleire lokale stjerner skal opptre under gallaen

KALD FLAMME: Ulrik Kierulf Haugland med artistnamnet Kald Flamme. Tidlegare i år var han i finalen i P3 sin Urørt-konkurranse.

KALD FLAMME: Ulrik Kierulf Haugland med artistnamnet Kald Flamme. Tidlegare i år var han i finalen i P3 sin Urørt-konkurranse. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Radværingane får oppleva fleire lokale stjerner under kultur- og idrettsgallaen i Radøyhallen søndag. Her blir det også overrekking av fleire prisar.

DEL

Kultur- og idrettsgallaen blir også ei fin markering av at 2018 er musikkorpsa sitt år i Norge. Eit samansett korps av dei eldste musikantane i dei tre skulekorpsa i Radøy skal saman med eit band gjera jobben som husorkester under musikalsk leiar Thorgeir Thunestvedt.

– Stas å bli spurt

Skulekorpsa skal i aksjon med fleire solistar, mellom dei er Gyda Matland. Den svært dyktige flygelhornisten er eit produkt av skulekorpsmiljøet i kommunen, med bakgrunn i Manger skulemusikklag alt frå 9 årsalderen.

Gyda tar seg tid til å vera med i Radøyhallen sjølv om ho er midt i oppkøyringa til EM for brassband med Eikanger Bjørsvik Musikklag.

– Det blir litt hektisk, men det er ei ære å bli spurt om å vera med på dei siste kulturdagane i Radøy. Det er kjekt å koma tilbake til røtene, der eg vaks opp og der korpsinteressa starta. Og så blir det jo ei spesiell og fin oppleving å få spela med dei tre skulekorpsa, seier Gyda Matland.

TILBAKE TIL RØTENE: Gyda Matland er solist med felleskorpset frå dei tre skulekorpsa i Radøy. - Ei ære å bli spurt om å få vere med, seier ho. Her flankert av Julia Toska og Frøya Hoen Tjore.

TILBAKE TIL RØTENE: Gyda Matland er solist med felleskorpset frå dei tre skulekorpsa i Radøy. - Ei ære å bli spurt om å få vere med, seier ho. Her flankert av Julia Toska og Frøya Hoen Tjore.

Ho synest også det er fint at musikkorpsa sitt år vert marker på denne måten.

– Sjølv hadde eg ei veldig fin tid i skulekorpset, og det har blitt ein hobby for livet, seier 40-åringen som har spelt i korps i 30 år.

På operahimmelen

På kultur- og idrettsgallaen vil publikum også få oppleva Radøy-jenta Lydia Hoen Tjore, ei av Norges mest lovande unge operatalent.

Ho er ein ettertrakta solist, og etter utdanning ved Det Kongelige Teater i Danmark, er Lydia til hausten tilsett som solistpraktikant ved Den norske opera og ballett.

Ulrik Kierulf Haugland med artistnamnet Kald Flamme, er ein annan talentfull kulturaktør frå Radøy som er mellom artistane i Radøyhallen. Han er ein rappar som alt har markert seg sterkt. Tidlegare i år var han ein av fire finalistar i P3- sin Urørt-finale.

ETTERTRAKTA: Operasongar Lydia Hoen Tjore er ein ettertrakta artist. I kveld syng ho under kultur- og idrettsgallaen til Radøy kommune.

ETTERTRAKTA: Operasongar Lydia Hoen Tjore er ein ettertrakta artist. I kveld syng ho under kultur- og idrettsgallaen til Radøy kommune. Foto:

Overrekking av prisar

I eit rikhalding program i Radøyhallen blir det også innslag frå turngruppa, frå UKM og musikk- og kulturskulen.

To ungdomar skal losa publikum gjennom førestillinga, Anita Lunde og Steffen Vestheim Sævdal.

Det skal overrekkast fleire prisar under Kultur- og idrettsgallaen, både Radøy kommune sin kulturpris, idrettsprisen, og stipend frå Cato Plettens minnefond.

Førestillinga i Radøyhallen markerer avslutninga på kulturdagane i Radøy, og arrangementet er gratis.

UNGE KONFERANSIERAR: To ungdommar, Anite Lunde og Steffen Vestheim Sævdal, tar seg av konferansierjobben på kultur- og idrettsgallaen.

UNGE KONFERANSIERAR: To ungdommar, Anite Lunde og Steffen Vestheim Sævdal, tar seg av konferansierjobben på kultur- og idrettsgallaen.

Artikkeltags