Country-legendar klare for Hordabøhallen

The Bellamy Brothers kjem til Hordabøhallen 9. september. Pressefoto

The Bellamy Brothers kjem til Hordabøhallen 9. september. Pressefoto

Artikkelen er over 3 år gammel

Spelar i Hordabøhallen 9. september. Arrangøren opplever allereie jakt på billettar.

DEL

Arrangør Frode Myking melder til Avisa Nordhordland at han har fått napp med sjølvaste Bellamy Brothers frå Florida.

– Dei har mange store internasjonale hits; som «I need more of you», «Let your love flow» og «If i said you had a beautiful body» som dei aller største, seier ein fornøgd Myking.

Billettjakta har starta

Konserten går i Hordabøhallen fredag 9. september.

– Bandet skal i år turnera Europa, og det meldast allereie om utselde konsertar både i Sverige og Danmark. I september kjem dei altså til Norge og Bøvågen, seier Myking.

Billettar blir selde på billettservice og lokale butikkar i Nordhordland frå begynnelsen av april. Skal vi tru Myking kan dei få bein å gå på.

– På grunn av kapasiteten i Hordabøhallen kan det vera lurt å vera tidleg ute med å sikre seg billett. Etter at vi annonserte arrangementet på nett for ei lite veke sidan, har vi hatt unormalt mange billettførespurnader allereie, seier Myking.

– Ta med båt eller bubil

Og Myking vil gjerne ha eit konsertpublikum med meir enn radveringar.

– Du kan komma med både bubil og båt til Bøvågen, men det er også mogleg å bestilla hytter i nærområdet dersom det skulle vera ønskeleg, seier han. 

Dei to bergensbanda Splint og The Poor Boys vil også entra scena denne kvelden.

– Splint er eit av Bergens mest stemningsskapande band, mens The Poor Boys er kåra til Norges beste Creedence-tribute band. Desse to banda i tillegg til Bellamy Brothers kan ikkje gjera denne kvelden til anna enn uforgløymeleg, skriv Myking pressemeldinga.

Sjå versjon av «Let your love flow» på Youtube:

Artikkeltags