Brann i trafokiosk - kundar på Radøy straumlause

Artikkelen er over 2 år gammel

Folk på Mangerøy på Radøy er straumlause etter brann i ein trafokiosk laurdag.

DEL

I 14-tida laurdag braut det ut kraftig brann i ein trafokiosk i Toskavegen på Manger på Radøy.

Naudetatane rykte ut, stengte vegen og fekk varsla BKK, melder Bergens Tidende.

BKK melder laurdag ettermiddag at kundar på Mangerøy er straumlause. Feilretting pågår og aggregat skal vere på veg, melder BKK.

Straumen er forventa å vere tilbake klokka 19 laurdag kveld.

Artikkeltags