Bogatunet byr på spennande historie i sommar

AKTIVITETAR OG HISTORISK SUS: Her blir det liv og røre kvar søndag i sommar. Bogatunet er nøkkelen til å forstå norsk arkitekturhistorie, og vel verd eit besøk.

AKTIVITETAR OG HISTORISK SUS: Her blir det liv og røre kvar søndag i sommar. Bogatunet er nøkkelen til å forstå norsk arkitekturhistorie, og vel verd eit besøk. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Bogatunet opnar dørene kvar søndag i sommar og byr på mange spennande aktivitetar.

DEL

– Ta sommargjestane på tur til Bogatunet, seier ordførar Jon Askeland i ein begeistra kommentar til opplegget på det historiske tunet i sommar.

Den eldste busetnaden i landet vårt skjedde på øyane i Hordaland, og det er sagt at Bogatunet er nøkkelen til å forstå norsk arkitekturhistorie.

– Bogatunet er røtene våre, Bogatunet er ekte,- Bogatunet er oss. Det er viktig for menneske i dag å undra seg over korleis slektene før oss fann løysingar då dei busette seg, seier Radøy-ordføraren.

Tradisjonsmat, garnbinding og digitalt arkiv

Bogatunet skal halda ope kvar søndag i sommar frå 25. juni til 6. august. To ungdomar frå Ung jobb vil ta i mot besøkjande og visa dei rundt i tunet. I tillegg stiller personar frå Radøy sogelag med ulike aktivitetar kvar søndag.

Førstkomande søndag får du smaksprøvar på tradisjonsmat, andre søndagar kan du læra deg kunsten med kipebinding og garnbinding, medan du den siste søndagen får hjelp til å gjera djupdykk og søk i Digitalarkivet.

Bli fotografert med historisk sus

Om du tar turen 9. juli kan alle i familien få låna gamle klede og verta fotografert i historiske omgjevnader. Kvar søndag vert det også sal av kaffi og kaffimat.

Bogatunet har ikkje hatt faste opningstider tidlegare.

– Opplegget i år er ei prøveordning for å forsøka å få meir aktivitet i tunet og betre høve for fastbuande og turistar til å vitja tunet som av professor Nils Georg Brekke i fjor vart trekt fram som eit kulturminne av nasjonal interesse, seier kulturrådgjevar Bente Hervik i Radøy kommune.

Hervik håpar på at mange vil ta turen innom Bogatunet i sommar.

Tilbake til 1500-talet

Bogatunet er sett saman av eit eldhus, ei røykstove, ei bu med loft og ei glasstove. Den eldste delen av Bogatunet er eldhuset er frå slutten av 1500-talet.


Bogatunet er eit såkalla samanbygd anlegg, dvs. at fleire tømmerkjerner med ulike funksjonar er sett inntil kvarandre og dannar ein meir kompleks bygning. Slike samanbygde anlegg fanst det mange av tidlegare, men no er det berre få slike anlegg att.

Original kroting

Bogatunet er også kjent for den originale krotinga i stova, som er tatt vare på. Denne dekorasjonsformen har vore svært utbreidd, men det er lite att av originalt krot.

Artikkeltags