Bli med på «nachspillet» til Hordabø IL

Fotballfest: Kristine N. Saltskår representerte fotballkretsen og NBK under jubileumsfesten. Ho og Vigdis Marøy har møtt kvarandre på fotballbana før, og minnast tidlegare oppgjer. Her saman med andre Hordabø-damer, frå venstre Helene Marøy, Sandra Marøy og Ingrid Marøy. Foto: Arthur Kleiveland

Fotballfest: Kristine N. Saltskår representerte fotballkretsen og NBK under jubileumsfesten. Ho og Vigdis Marøy har møtt kvarandre på fotballbana før, og minnast tidlegare oppgjer. Her saman med andre Hordabø-damer, frå venstre Helene Marøy, Sandra Marøy og Ingrid Marøy. Foto: Arthur Kleiveland

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Det vart ei latterleg bra avslutning på 70-årsfesten til Hordabø IL!

DEL

Stemninga stod i taket under jubileumsfesten til Hordabø Idrettslag laurdag kveld.

Det sytte ikkje minst duoen Cato og Claus for. Feiringa omfatta også karneval, diskotek og minikonsert i Hordabøhallen i løpet av helga, og samla over 500 små og store til ulike arrangement.

Hordabøhallen var det naturlege sentrum for den flotte markeringa av 70 års jubileet. Hallen er eit glimrande eksempel på den store dugnadsinnsatsen som i alle år har prega jubilanten. Utanfor ligg eit flott fotballanlegg, som no skal utvidast med kunstgrasbane.

BILDESERIE:

Trur på «friidrettsboom»

– Eg har mange gonger late med imponera over den store dugnadsviljen i laget, sa Olav Steinar Namtvedt.

Han viste til at Hordabø IL vart skipa like etter andre verdskrig var slutt.

– Eldsjelene som drog laget i gang må ha vore inspirert av fridomskjensla etter krigen, sa Namtvedt, som hadde med seg ein sekk med fotballar.

LES OGSÅ: Superheltar inntok 70-årsfeiringa til Hordabø IL

– Den beste jubileumsfesten eg har vore på på lenge, sa representanten for Hordaland friidrettskrets, Jan Arle Sletten, som uttrykte håp om at friidretten ville få ein ny vår på Bø, i pakt med gode tradisjonar i klubben gjennom mange år.

Klubben har planar om 100 m løpebane og fasilitetar for kast og hopp, som vil opna for meir på friidrettsfronten enn Radøyløpet.

Sjekk frå Askeland

Ordførar Jon Askeland kom med gåvesjekk og gode ord til jubilanten. Han framheva det gode samarbeidet mellom kommunen og idretten. Samtidig hadde han eitt ankepunkt.

BILDESERIE:

– Denne sesongen møtest Hordabø og Radøy/Manger til lokalderby i sjette divisjon. Her må det gjerast noko for å få laga våre oppover i divisjonane, sa Askeland.

Bjørn Ove Myking helsa frå Hordaland Idrettskrets, der han er styremedlem. Han er også leiar i Radøy idrettsråd. Han har vore ei eldsjel i Hordabø IL i mange år, og fekk frå fleire hald ros for arbeidet han gjer for idretten.

Cheerleading

Hordabø Idrettslag har rundt 350 medlemer. Idrettslaget fekk under jubileumsfesten ros for å leggja forholda til rette for alle gruppene i bygda.

Ein av dei som har stått for idrettslaget gjennom mange tiår, er superveteranen Ragnar Vågenes. Han har vore med sidan klubben vart starta  og var med på feiringa i helga. Vågenes fekk i 2014 kommunen sin kulturpris for sin store innsats for idrettslaget.

I dag er fotball den største aktiviteten i Hordabø IL. Tidlegare har også friidrett stått sterkt. I seinare tid er også bandy, basket, cheerleading, tennis og ulike trimaktivitetar mellom tilboda i laget.

Ein av veteranane i laget, Ludvig Grindheim, gav festlyden eit historisk tilbakeblikk. Johnny Njøten fortalde «røvarhistoriar» frå fotballmiljøet i si aktive tid, og ein av trenarane, Vegard Solsletten las sjølvskrive dikt om å vera trenar.

Cato og Claus i fri dressur

Mellingen Brothers, begge med røtene sine godt planta i Bø-bygda, spelte til dans utover natta. Festlyden fekk også høyra både May Cecilie Ulsmog og styremedlem Kristian Næss som solistar med bandet.

Før dei slapp til hadde duoen Cato og Claus tatt forsamlinga med til dei store høgder med fantastiske parodiar, lått og løye. Cato Sellevoll sine parodiar på Ivar Medaas, Helge Brekke, Mons Ivar Mjelde er ubetalelege.

Vi fekk også eit møte med duoen Kurt Nilsen og Willie Nelson. Nemnast må også Hordabø mannspanel, som dei to morokarane etablerte denne kvelden – der temaet var å få fram følelsane i seg. Festleg.
 

Artikkeltags