Asylsøkjarar stiller sterkt i TV-aksjonen

– Flott at bebuarane på asylmottaket på Radøytunet vil vera med som bøsseberarar under TV-aksjonen søndag. I alt 80 bøsseberarar vil vera i aksjon i Radøy. Foto: Radøy kommune

– Flott at bebuarane på asylmottaket på Radøytunet vil vera med som bøsseberarar under TV-aksjonen søndag. I alt 80 bøsseberarar vil vera i aksjon i Radøy. Foto: Radøy kommune

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Eit titals bebuarar på asylmottaket på Radøytunet stiller opp som bøsseberarar under TV-aksjonen på søndag. Dei vil svært gjerne gje ei handsrekking i Røde Kors sitt hjelpearbeid mellom krigsofre.

DEL

– Det er veldig spennande og flott å få vera med på denne aksjonen. Vi ser verkeleg fram til søndag. Det kjennest godt å få bidra, seier Firas og Firas, namnebrør frå Syria.

Dei er imponerte over den nasjonale innsatsen som årleg vert gjort gjennom TV-aksjonen.

– Det norske folk har ei flott innstilling og har evne til å ta innover seg at folk lir og har det vondt utanfor sine eigne landegrenser. Vi opplever at viljen til å hjelpa kjem frå hjarta til folk, seier dei to syriske asylsøkjarane.

Glad og imponert

Ordførar Jon Askeland (Sp), som også er leiar i innsamlingskomiteen i Radøy, er både glad og imponert over at asylsøkjarane på Radøytunet i deira situasjon er så rause og stiller opp for aksjonen.

– Eg håpar radværingane tar godt i mot bøsseberarane og kvitterer med stor gjevarglede, seier Askeland.

Han var på asylmottaket for å informera om aksjonen og takka for at dei ønskjer å bidra.

– Heimbyen min

Flyktningane på asylmottaket, som i stor grad er syrarar, somaliarar og kurdarar, følgjer dagleg med på nyheitsbiletet frå krigens herjingar og den spente internasjonale situasjonen.

Då ordføraren bretta ut ein infoplakat for årets TV-aksjon vekte det spesielle kjensler hjå ein syrar som kjende igjen bygningane på biletet.

– Dette er Aleppo, heimbyen min, utbryt han.

Store delar av den syriske byen Aleppo ligg i ruinar, mange liv er gått tapt og mange menneske lever under håplause forhold. Det er mellom anna her midlane frå årets TV-aksjon skal  gå til.

Røde Kors er tildelt årets innsamlingsaksjon, som vil redda liv og gje livsviktig hjelp til meir enn  to millionar menneske.

Sivile som er ramma av krig og konflikt i Syria, Libanonen, Sør-Sudan, Afghanistan, Somalia, Myanmar, Honduras, El Salvador og Guatemala. Det vil også bli øyremerkt midlar til integrering og helsehjelp i Norge.

Enormt behov

– Behovet er enormt, kvart bidreg er med på å redda liv, understrekar Røde Kors.

Mange staeder er Røde Kors den einaste hjelpeorganisasjonen som slepp til med humanitær bistand og har gjennom lokale frivillige tilgang til dei som elles ikkje får hjelp.

Rundt 80 bøsseberarar vil vera i aksjon i Radøy under innsamlingsaksjonen søndag. Mange er trufaste gjengangarar, men også nye kjem til.

I år blir det også eit internasjonalt innslag av flyktningar frå Syria, Mellom dei er flyktningar frå mottaket på Radøytunet, som skal gå saman med andre bøsseberarar.

Artikkeltags