Manger Musikklag er tildelt 200 000 kroner i støtte frå Norsk Kulturråd.

– Det var ein veldig kjekk telefon å få, seier kasserar Martin Frantzen til Norges Musikkorps Forbund si heimeside.

Norsk Kulturråd har fordelt ein pott på 44,7 millioner kroner for 2016. 73 musikkgrupper, orkester, kor og vokalensemble vart tildelt midlar. Blant dei var altså Manger Musikklag frå Radøy.

For korpset blir det ikkje problematisk å bruka pengane. Planane for i år inneheld konsertproduksjonar, turnéverksemd, festivalar og konkurransar.

– Dette er kjærkomne pengar, og dei vil gå med til alt vi skal gjennomføra i 2016. Vi er inne i ein sesong med tett og variert innhald, seier Frantzen.

Ifølge NMF si heimesida skal tilskotsordninga gje musikkensemble innan ulike sjangrar sjansen til å utvikla seg og gje dei profesjonelle vilkår for produksjon og formidling.

Pengestøtta frå MML skal difor også nyttast til andre prosjektproduksjonar.

Ein av dei er turné til Stormfestivalen i Måløy. Oslo Brassfestival står også på programmet dette året.

– Det er ikkje alltid like lett å få endane til å møtes økonomisk sett, men vi er ein hardtarbeidande gjeng som tek på oss det vi kan av dugnadar og konsertoppdrag, seier Frantzen.