Torill Eidsheim fekk eksklusivt oppdrag då kongen opna Stortinget

03. oktober 2018, kl. 10:00

Tysdag 2. oktober klokka 13.00 blei det 163. storting offisielt opna. H.M. kong Harald, H.M. Dronning Sonja og H.K.H. kronprins Haakon var til stades då Kongen las Regjeringas trontale. Før det møtte ei gruppe på sju representanter, den såkalte deputasjonen, dei kongelege gjestane på Løvebakken og følgde dei inn. I år var alle sju frå Hordaland, deriblant Torilll Eidsheim (H) frå Lindås.