Desse fire postane står på programmet under dagens ministerbesøk

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) kjem til Nordhordland måndag. Her frå då ho besøkte Knarvik og Industriutvikling Vest i februar 2016, då ho var næringsminister. Arkivfoto: Yngve Garen Svardal

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) kjem til Nordhordland måndag. Her frå då ho besøkte Knarvik og Industriutvikling Vest i februar 2016, då ho var næringsminister. Arkivfoto: Yngve Garen Svardal

Statsråd Monica Mæland (H) kjem til Nordhordland og har eit omfattande program måndag.

DEL

Nyutnemnd kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) kjem på besøk til Nordhordland måndag.

Tema for besøket er kommunereform, innovasjon, bustadsosialt arbeid og framtidas næringsliv i Nordhordland, opplyser regjeringa i ei pressemelding.

Det manglar med andre ord ikkje på aktuelle tema å ta opp med statsråden for lokale politikarar og aktørar i næringslivet.   

Besøket startar med eit lunsjmøte med dei tre ordførarane som bygger nye Alver kommune, altså trioen Astrid Aarhus Byrknes (KrF), Øyvind Oddekalv (Ap) og Jon Askeland (Sp). Dette møtet er lagt til Alver hotell og startar klokka 11.30.

Framme frå venstre: Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF), kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) og Meland-ordførar Øyvind Oddekalv (Ap). Bak frå venstre: Meland-rådmann Martin Kulild, Radøy-ordførar Jon Askeland (Sp), Radøy-rådmann Jarle Landås og Lindås-rådmann og blivande Alver-rådmann Ørjan Raknes Forthun.

Framme frå venstre: Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF), kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) og Meland-ordførar Øyvind Oddekalv (Ap). Bak frå venstre: Meland-rådmann Martin Kulild, Radøy-ordførar Jon Askeland (Sp), Radøy-rådmann Jarle Landås og Lindås-rådmann og blivande Alver-rådmann Ørjan Raknes Forthun. Foto:

Helseteknologi og bustadpolitikk

Klokka 12.45 går turen til Meland sjukeheim på Frekhaug der Mæland skal sjå på bruk av teknologi som held eldre og demente personar aktive.

Etter det Avisa Nordhordland er kjent med er det Motitech, som nyleg fekk presentere sin sykkel- og videoteknologi for prins William og hertuginne Kate på norgesbesøk, som skal sette ministeren inn i løysingane sine.  

Deretter går turen til Lindås, nærmare bestemt Alversund, der Mæland skal få kjennskap til korleis Lindås kommune jobbar for å gjere det enklare å komme inn på bustadmarknaden. 

Møter næringslivet på kvelden

Dagen blir avslutta på «Kva no?»-møtet til Nordhordland Næringslag på Knarvik vidaregåande skule. Her er tema framtidas næringsliv i Nordhordland, der det er lagt opp til både føredrag og gruppearbeid.

Møtet varer i fire timar frå klokka 16.

Avisa Nordhordland kjem til å vere tilstades på delar av besøket.  

Artikkeltags