Varsla politiet om faretruande vingling

– Vi kunne redusert trafikkulykker ein god del om alle konsentrerte seg om å køyre bilen, seier fungerande lensmann Svein Hatlevik.

DEL

Tysdag kveld fekk politiet melding frå ein bilist som reagerte på køyremønsteret til bilen framom seg.

Ifølgje innmeldaren vingla bilen kraftig og var langt over midtstreken, i tillegg til at farten varierte mykje.

Politiet undersøkte saka og stogga bilen meldinga gjaldt. Føraren var heilt uforståande til meldinga om vinglete køyring, og politiet hadde ikkje grunn til å mistenkje promillekøyring.

Kunne spart oss for ulykker

Utan å kunne trekke konklusjonar om dette enkelttilfellet, ser fungerande lensmann Svein Hatlevik urovekkande ofte at bilførarar gjer på heilt andre ting medan dei køyrer bil, noko som ofte kan føre til svært farlege situasjonar i trafikken.

– Det er ei stor utfordring at mange styrer med mobiltelefonar og anna medan dei køyrer bil, seier Hatlevik.

Han meiner talet ulykker ville vore tydeleg redusert derdom bilførarar heldt fokus på vegen.

– Ein to tonn tung bil er ein ganske heftig reiskap vi handterer!

Artikkeltags