Hatlevik og Holmaas blir nye politikontaktar

Politikontakt: Svein Arne Hatlevik. Arkivfoto

Politikontakt: Svein Arne Hatlevik. Arkivfoto

Artikkelen er over 2 år gammel

Svein Arne Hatlevik har fått rolla som politikontakt ved Nordhordland lensmannskontor, medan Ivar Holmås får den ved Masfjorden lensmannskontor.

DEL

Hatlevik får ansvar for kommunane Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje og Modalen.

Holmaas får ansvar for kommunane Gulen, Masfjorden og Solund. Holmaas har dei siste åra vore lensmann for distriktet som omfatta dei samme kommunane.

Hatlevik og Holmaas er ifølge Nordhordland-lensmann Kjell Idar Vangberg midlertidig utnemnde fram til nyttår fram i påvente av at leiarstillingane i den nye politistrukturen er besatt. Det vil deretter bli gjort ei ny vurdering.

Begge politikontaktane har fått administrasjonsstad Knarvik på organisjonskartet som er sendt ut frå Vest politidistrikt.

– Meir kunnskapsbasert

Den nye politikontaktordninga i Vest politidistrikt vart etablert 15. juni for alle kommunane i distriktet.

Politikontaktane skal vere ein ressurs innan kriminalitetsførebygging, og er politiet sin faste kontakt med kommunane.

– Politikontakten, som primært skal drive med kriminalitetsførebyggande arbeid, er ein ny funksjon. Arbeidet med førebygging er det same før, men i samband med nærpolitireforma er dette arbeidet meir formalisert gjennom funksjonen politikontakt, blant anna med meir standardisert arbeidsoppgåver og krav. Vi skal jobbe endå meir kunnskapsbasert og i større grad evne å vere i forkant av kriminaliteten. Her har politikontakten ein avgjerande rolle saman med tenesteeininga og den geografiske driftseininga, seier politimeister Kaare Songstad i ei pressemelding.

Artikkeltags