Trur på plusstal i 2016 etter to år med underskot

Jobbar for overskot: Avisa Nordhordland gjekk 238 000 kroner i underskot etter skatt i fjor. – Vi skulle sjølvsagt helst presentert positive tal, men dette er eit greit resultat med tanke på at fjoråret var eit stort omstillingsår for avisa, seier redaktør og dagleg leiar Trond Roger Nydal. Han forventar overskot i 2016 og trur på ei sunn drift framover. Foto: Morten Sæle

Jobbar for overskot: Avisa Nordhordland gjekk 238 000 kroner i underskot etter skatt i fjor. – Vi skulle sjølvsagt helst presentert positive tal, men dette er eit greit resultat med tanke på at fjoråret var eit stort omstillingsår for avisa, seier redaktør og dagleg leiar Trond Roger Nydal. Han forventar overskot i 2016 og trur på ei sunn drift framover. Foto: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

– Vi er på rett veg, seier redaktør i Avisa Nordhordland, Trond Roger Nydal.

DEL

Fjorårets rekneskap for Avisa Nordhordland er no offentleg. Den syner eit underskot på 238 000 kroner etter skatt for 2015.

– Vi skulle sjølvsagt helst presentert positive tal, men dette er eit greit resultat med tanke på at fjoråret var eit stort omstillingsår for avisa, seier redaktør og dagleg leiar Trond Roger Nydal.

Nydal viser til at minustal var forventa i budsjettet. Resultatet er om lag 70 000 kroner betre enn budsjettert. Omsetnaden var 14,4 millionar, ned om lag 600 000 frå 2014.

LES OGSÅ: 19 000 les Avisa Nordhordland i alle kanalar

Trur minus blir til pluss

Det i eit år der avisa tilsette ny redaktør, flytta inn i nye lokale i Knarvik senter, utarbeida ein ny strategi og innførte brukarbetaling på nett.

– 2015 var eit krevande omstillingsår som medførte ein del ekstra eingongskostnader. Når vi likevel leverer betre enn budsjettert, må vi seie oss fornøgd, seier Nydal.

2015 er andre året på rad Avisa Nordhordland går med underskot, i 2014 vart resultatet 349 000 i minus etter skatt. Nydal har likevel god tru på at den trenden skal snu i år.

– Første halvår har vi lovande resultat økonomisk, og det trass i at det har vore nedgangstider i næringslivet. Den lokale annonsemarknaden har vist seg å vere god og stabil, og det kan sjå ut som vi har stoppa ein langvarig negativ trend på abonnement. Vi trur dermed vi skal gå i pluss i år. Alle tilsette gjer ein kjempejobb!

LES OGSÅ: Har fått 650 nye familiemedlemmer

Betaling på nett

Redaktøren, som tiltrådte i august i fjor, fortel at Avisa Nordhordland akkurat no opplever abonnementvekst etter fleire år med tilbakegang. Det forklarer han slik:

– Mot slutten av fjoråret innførte vi betaling for nettstoffet, som mange andre aviser i Amedia har gjort før oss. Den oppskrifta er både ein suksess og ei nødvendigheit. Tida for gratisjournalistikk er over, fastslår Nydal.

LES OGSÅ: Slik får du tilgang på Nh+

Den store klagestormen har også uteblitt.

– At det er betalingsvilje for god og lokal journalistikk er kjekt og svært motiverande. Med unntak av sporadiske reaksjonar på Facebook frå gratispassasjerar, er det få klager. Vi føler også folk flest begynner å forstå dette no. Vi er i samme bås som alle andre i det private næringsliv; vi er avhengig av å gå i overskot, og kan ikkje gje vekk vara vår gratis, seier Nydal.

Har kutta kostnader

Ser ein på avisøkonomien over tid, er det eit faktum at inntektene har gått nedover. Sidan 2011 har totalinntektene krympa med tre millionar. Dette har leiinga handtert med å ta kostnadskutt der det har smerta minst – så også foran dette året.

– Styret har tatt kloke beslutningar og gjort fleire viktige og riktige grep. Mellom anna har vi flytta inn i nye og mindre lokale, som gjer at vi sparar ein betydeleg sum på husleige. Dette har gjort at vi kan oppretthalde den redaksjonelle slagkrafta, forklarer Nydal.

Styreleiar Katrine Bøckmann er fornøgd med utviklinga i avisa.

– Eg er imponert over dei som jobbar i Avisa Nordhordland. Dei gjer ein kjempejobb kvar einaste dag, og dette viser igjen gjennom gode aviser og også gode resultat. Vi håpar no at underskotet frå i fjor blir snudd til overskot i 2016, noko som ser lovande ut, seier Bøckmann.

Avisa Nordhordland er eigd av Amedia, som tidlegare i år vart kjøpt opp av DNB-stiftelsen. Det vart då oppretta ei eiga stifting, Amediastiftelsen, som forvaltar eigarskapet i avisene. I alt er 62 aviser ein del av konsernet.

Artikkeltags