PSW Group signerte storavtale - skal bygge næringsbygg på 5000 kvadrat

PSW Group skal sette opp eit bygg på 5000 kvadrat på Mongstad som Schluberger skal leige. Arkivfoto

PSW Group skal sette opp eit bygg på 5000 kvadrat på Mongstad som Schluberger skal leige. Arkivfoto

Artikkelen er over 3 år gammel

PSW Group har sikra seg ein storkontrakt med Schlumberger Norge.

DEL

Avtalen omfattar ein overordna samarbeidskontrakt og leigeavtale for eit nytt skreddarsydd bygg som skal byggast på Mongstad.

Bygget skal settast opp innanfor PSW sin Subsea & Drilling-base på Mongstad og skal vere innflyttingsklart allereie frå april 2017.

Det er PSW Group som har forplikta seg til å sette opp bygget.

«Leigeavtalen vil kreve at PSW Group bygger eit nytt bygg på ca. 5.000 m2 for lagring og vedlikehald av utstyr. Det nye bygget vil bli sett opp innanfor den 100.000 m2 store PSW Subsea & Drilling basen. Bygget vil vere innflytningsklart og kan benyttes for operasjon fra April 2017.», skriv selskapet i ei pressemelding torsdag.

LES OGSÅ: PSW Group vann vedlikehaldskontrakt med Songa Offshore

– Fantastisk viktig avtale

Administrerande direktør Oddbjørn Haukøy er sjølvsagt glad for å lande ein slik avtale, spesielt med tanke på tidene industrien på Vestlandet er inne i.

– Dette er ein fantastisk viktig avtale for PSW Group. Marknaden no er steintøff innan olje og gass, seier Haukøy til Avisa Nordhordland.

– Vil dette resultere i auka aktivitet?

– Avtalen får ikkje direkte innverknad på oss før bygget står ferdig, så det blir ikkje auka aktivitet før den tid. Men dette er ein veldig, veldig viktig milepæl. Å få landa noko slikt no er ei fjør i hatten for PSW, seier Haukøy.  

Arbeidet med å sette opp det store industribygget er allereie i gang.

– Vi held på med grunnarbeidet no, og held den tidslinja som er skissert, kommenterer Hakuøy, som ellers ikkje vil gå ut med detaljar i avtalen.

LES OGSÅ: PSW med tidenes største oppkjøp

– Fullverdige fasilitetar

I pressemeldinga legg han imidlertid vekt på samarbeidet med Schlumberger.

– PSW Group er audmjuke og veldig positive til å inngå to seperate avtalar med eit stort og anerkjent selskap som Schlumberger. Desse avtalene representerer eit utvida og tett samarbeid med eit selskap som vi i PSW Group har arbeidd side om side med over mange år. Med det nye bygget ferdig i 2017, samt dei nye tenestene innan inspeksjon, vedlikehald og reperasjonar vil PSW Subsea & Drilling basen vere ein fullverdig fasilitet med komplett portefølje for on – og offshore utstyr», seier Haukøy.

LES OGSÅ: Mongstad-bedrit innkasserte kontraktar verd 30 millionar

– Denne avtalen med PSW gjer det mogleg å redusere talet på lokasjoner i bergensområdet for Schlumberger. Denne avtalen inkluderer også å flytte aktivitet til Mongstad frå vår eigedom i Knarvik som nyleg er selt til Lindås kommune. Vi har store forventningar til korleis denne avtalen vil hjelpe oss til å effektivisere drifta av selskapet, sier Atle Nottveit, leiar for Schlumberger i Skandinavia.

Artikkeltags