Har rekordpåmelding til næringskonferansen på Mongstad

Svein M. Nordvik i Nordhordland Næringslag gler seg over rekordstor påmelding til ondagens næringskonferanse på Mongstad. Arkivfoto: Morten Sæle

Svein M. Nordvik i Nordhordland Næringslag gler seg over rekordstor påmelding til ondagens næringskonferanse på Mongstad. Arkivfoto: Morten Sæle

Artikkelen er over 2 år gammel

Hittil er 670 påmelde.

DEL

Onsdag er det klart for Næringskonferansen på Mongstad som Nordhordland Næringslag har tradisjon for å arrangere kvart andre år i samband med val.

Påmeldinga i år er rekordstor, det opplyser næringslaget to dagar før konferansen.

– Vi har 670 påmelde, og det er ny rekord. Vi har vore over 600 påmelde før, men aldri så høgt som dette, seier Svein M. Nordvik til Avisa Nordhordland.

Og han seier det framleis er plass til fleire dersom det er interesserte som ikkje har meld seg på ettersom det alltid blir nokre fråfall. 

 – Erfaringsmessig veit vi at det er nokon som ikkje dukkar opp, men vi reknar med at det blir godt over 600 i salen, og det skal vere plass til det, seier Nordvik.

– Dette er vel gledeleg?

– Ja, det er veldig bra. Det er inspirerande at programmet har truffe og engasjerer slik at folk vil bruke ein dag på dette. Det som også er gledeleg er at mange unge deltek. Knarvik vidaregåande og Austrheim vidaregåande blir totalt 175 elevar, og i tillegg kjem det studentar frå Universitetet i Bergen. Det blir minst 200 elevar og studentar, seier Nordvik.

– Vi får mange positive kommentarar på at vi ser framover og utfordrar føredragshaldarane på det. Det skal vere ei god breidde slik at alle saman får noko igjen for å vere der, seier Nordvik.

I forbindelse med konferansen kjem Avisa Nordhordland onsdag ut med eit 36 siders næringsmagasin som vedlegg i den ordinære avisa. Dette vil du også kunne lese digitalt her frå tysdag klokka 21.

Artikkeltags