Avisa Nordhordland aukar opplaget for første gong sidan 2011

Torbjørn Dalland (marknadskonsulent), Trond Roger Nydal (redaktør og dagleg leiar), Roar Mikkelsen (markandskonsulent) og fotografen feira med kake tysdag.

Torbjørn Dalland (marknadskonsulent), Trond Roger Nydal (redaktør og dagleg leiar), Roar Mikkelsen (markandskonsulent) og fotografen feira med kake tysdag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

– Ein kjempeprestasjon av alle tilsette, i dag feirar vi med kake.

DEL

Det seier redaktør Trond Roger Nydal etter at Mediebedriftenes Landsforbund (MBL) sine opplagstal for norske aviser vart gjort offentlege tysdag.

Der går det fram at Avisa Nordhordland har auke i opplaget etter fleire års tilbakegang. Avisa Nordhordland har no eit nettoopplag på 4672. Dette er ein auke på 39 sidan i fjor.  

– Eg må berre berømme alle tilsette som gjer ein kjempejobb kvar dag for at vi skal lage best mogleg avis og hjelpe kundar med marknadsføring, seier redaktør og dagleg leiar Trond Roger Nydal.

Nye abonnentar dagleg

Frå 2014 til 2015 fall netto opplaget til Avisa Nordhordland frå 5344 til 4633. Redaktøren håpar no at ein negativ trend over fleire år er slutt.

– Vi håpar dette ikkje berre er eit blaff, men at vi har snudd ein negativ trend. Vi har innført betaling på nett og jobbar målretta kvar dag for å lage relevant og god journalistikk for lesarane over heile regionen. Dette gir no resultat, dagleg får vi nye abonnentar. Det er kjekt og motiverande, seier Nydal.

Framgangen vart tirsdag føremidag feira med kake i redaksjonen - levert av eigaren Amedia. Heile 48 av 62 aviser i Amedia-systemet har no framgang i opplaget. 

– I dag er kake heilt på sin plass! Dette må feirast meir, men det får vi ta seinare, no må vi få ut onsdagsavisa, seier Nydal. 

19 000 lesarar i alle kanalar

Ikkje sidan 2011, då netto opplaget var 6107, har Avisa Nordhordland auka opplaget.

Det er også offentleggjort ferske lesartal tysdag. Her kjem Avisa Nordhordland ut med 19000 lesarar når ein slår saman alle kanalar; papir, nett og mobil. Dette er 1000 fleire enn den siste målinga i 2016. 

– Opplagstal er eit av mange tal som verserer når det kjem til mediekonsum. Det viktigaste for oss er uansett at vi har framgang, og det stemmer overens med våre eigne interne måletal, seier Nydal.

På nettsidene til Mediebedriftens Landsforbund finn du både opplagstala og lesartal for alle landets aviser.

Artikkeltags