Vogntog i vindtrøbbel sperra Nordhordlandsbrua

Politiet rykte ut til Nordhordlandsbrua der eit vogntog fekk problem i den sterke vinden. Foto: Statens vegvesen

Politiet rykte ut til Nordhordlandsbrua der eit vogntog fekk problem i den sterke vinden. Foto: Statens vegvesen

Artikkelen er over 3 år gammel

Frykta vogntoget skulle velte.

DEL

Det var i 14-tida Nordhordlandsbrua og E39 vart stengt fordi eit vogntog fekk problem i sterk vind.

– Vinden tok så godt tak i køyretøyet at dei var redd det skulle velte. No har dei klart å få vogntoget av brua, og den er opna igjen, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt til BA.

Det er sendt ut OBS-varsel med åtvaringar om flom og skred på grunn av dei store nedbørsmengdene og den kraftige vinden.

LES OGSÅ: OBS-varsel: Fare for flom og skred

Artikkeltags