På meisterleg vis unngår Glenn kollisjon med denne hjorten på E39

Artikkelen er over 1 år gammel

– Noko av det siste eg forventa var ein hjort som hoppa inn på vegen midt på lyse dagen, seier Glenn Tangen.

DEL
  • Sjå video øverst i saka (spol til 2:15)

Måndag ettermiddag køyrde Glenn Tangen frå Åsane i retning av Nordhordlandsbrua. Like ved Hylkje kom det plutseleg ein hjort springande inn på vegen frå høgre.

Det var Strilen som først omtalte videoen.

– Noko av det siste eg forventa var ein hjort som hoppa inn på vegen midt på lyse dagen. Det har eg aldri opplevd før, seier Glenn Tangen til BA.

Videoen viser ein god reaksjonsevne frå Tangen, som svingte kjapt til venstre for å unngå hjorten.

– Eg tenkte ikkje på så mykje anna enn å svinge unna hjorten. Det var berre reaksjon. Det var plutseleg ei hindring i vegen eg prøvde å unngå, og eg tenkte ikkje på kva som kom imot, seier Tangen, som er glad ein bil i motsatt køyrereretning ikkje var endå nærmare då han svingte til venstre.

– Då kunne det gått verre, seier han.

Ifølge Tangen blei det ingen skader på verken hjorten eller bilen.

Artikkeltags