Leiteaksjon ved Nordhordlandsbrua

Foto frå webcameraet til Statens Vegvesen.

Foto frå webcameraet til Statens Vegvesen.

Artikkelen er over 3 år gammel

Politiet stadfestar at dei søker etter ein person i sjøen.

DEL

Det var Bergens Tidende som først meldte om søket søndag formiddag.

– Vi søker etter ein person i sjøen, seier Arve Samsonsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt til BT.

Det er ein mann i 40-åra som er sakna.

Søndag ettermiddag opplyser politiet til avisa at søket er etter ein antatt omkomen person.

Det har vore ein omfattande aksjon med politi, ambulanse, brannvesen, redningsskøyte og dykkarar frå brannvesenet på staden.

Søket har i periodar skapt kø på Nordhordlandsbrua. Eit utvida søk vil halda fram mandag opplyser politiet.

Artikkeltags