Kvinne heldt på å køyre ned politimann i 100 km/t

Det var i nordenden av Nordhordlandsbrua den unge kvinna heldt på å køyre ned ein politimann i oktober i fjor.

Det var i nordenden av Nordhordlandsbrua den unge kvinna heldt på å køyre ned ein politimann i oktober i fjor. Foto:

Av

– Hadde eg ikkje kasta meg ut av vegbana, ville eg neppe ha stått her i dag.

DEL

Det fortalde politimannen i Gulating lagmannsrett nyleg. Hendinga på Nordhordlandsbrua har plaga han og ikkje minst familien i ettertid.

Det er BA som skriv om dommen onsdag.

Forsvararen til den 20 år gamle kvinnelege bilføraren reagerer på at ho er fråteken førarkortet i tre år.

LES OGSÅ: Kvinnelig fører (19) stanset med spikermatte etter politijakt

«Køyringa var kontrollert»

Han meiner at «køyringa denne natta, forholda til tross, var kontrollert», ifølge ankeskrivet til retten.

«Korleis forsvararen kan meine det sistnevnte om ei køyring i over 100 km/t som kunne kosta ein politimann livet, får stå for forsvareren si eiga rekning. Lagmannsretten finn ikkje grunnlag for å dele nokon av dei her siterte vurderingane frå forsvararen si side», slår dommarane fast.

Hendinga skjedde natt til søndag 25. oktober i fjor.

Ei UP-patrulje blei oppmerksom på den no 20 år gamle kvinna sin bil ved Eikåstunnellen i Bergen. Ho køyrde fort og han la seg bak henne og signaliserte at ho skulle stoppe.

Kvinna stansa ikkje. Ho var redd fordi bilen hadde fleire manglar.

– Ønska å bli politi

Ho bestemte seg difor for å køyre frå politibilen. Ho forklarte seinare at ho lenge har hatt eit ønske om å bli politi, og at ho frykta at framtida kom til å «gå i vansken» dersom ho blei stansa og manglane ved bilen blei oppdaga.

I rundkøyringa ved Ikea i Åsane slo UP-betjenten på blålyset. Nokre sekund seinare slo han også på sirenene.

Kvinna stanset framleis ikkje. Ho køyrde i staden mot Nordhordlandsbrua, og låg til tider over fartsgrensa.

UP-bilen låg rett bak og filma tiltalte sin bil med eit videokamera som var montert i politibilen. Betjenten varsla andre patruljebilar i nærleiken, og politiet iverksette ein aksjon for å stanse tiltalte.

Blant anna tok ein politibil oppstilling ved påkøyrsla til Nordhordlandsbrua for å sikre at tiltalte køyrde ut på brua.

Kasta seg ut av vegbana

Ei anna patrulje tok oppstilling ved den nordlege enden av brua. Denne patrulja sperra sørgåande trafikk med ein patruljebil, mens ein politibetjent tok oppstilling i kvinna si køyrebane for å signalisere med ei lykt at ho skulle stanse.

Politiet la også ut spikarmatte lenger nord.

Då kvinna kom til den nordlege enden av brua der politibetjenten stod, stansa ho ikkje, men fortsette køyringa nordover.

Betjenten kasta seg ut av vegbana kort tid før kvinna passerte. Ho fortsette nordover, og køyrde etter litt over spikermatta slik at bilen punkterte. Ho blei arrestert like etterpå.

Kvinna hevdar at ho ikkje med vilje forsøkte å køyre ned politimannen.

– Eit bevisst valg

På bakgrunn av forklaringar og videobevis meiner lagmannsretten at kvinna kunne ha køyrt på betjenten, og at ho likevel bevisst valde ikkje å stanse. Ho har dermed utvist den mildaste forma for forsett og forsøk på grov kroppsskade.

20-åringen blei i oktober dømd til seks månaders fengsel for fleire lovbrot samt tap av førarretten i tre år.

20-åringen har anka denne dommen og har samtidig klaga på førarkortbeslaget.

Ho mener det er ei stor belastning å vere utan førarkort så lenge og at det inneber ein førehandsdom.

Kvinna sin forsvarar meiner at førarkortbeslaget bør avgrensast til eit halvt år. Det synet deler heller ikkje retten som avviser heile anken.

«Trafikksikkerheitsomsyn og allmenne omsyn tilseier imidlertid klart at ho ikkje bør få førarkortet igjen umiddelbart, og heller ikkje at den fortsatte beslagsperioden avgrensast til seks månader», skriv retten.

Artikkeltags