Ein gigantisk Pikachu har invadert Tellevik kystfort

Pikachu har invadert Tellevik kystfort

Pikachu har invadert Tellevik kystfort Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

– Folk er overbegeistra. Det er rett og slett halleluja-stemning her, sier Dag Bjørnar Mjelde.

DEL

Han er dagleg leiar ved Tellevik kystfort-museum, som ligg like ved Nordhordlandsbrua.

Dette er ein av stadane som har blitt valt ut som ein viktig stad av spelutviklarane bak Pokémon Go.

Det er fleire sokalla «pokéstops» og «gyms» i området.

Og med det, kjem også Pokémon-fansen springande.I hordar.

Den daglege leiaren fortel at det har tatt heilt av sidan spelet blei lansert i Noreg 11. juli. 

– Vi har hatt mellom 5000 og 6000 pokémon-spelarar innom fortet i løpet av ein og ein halv månad. Det er heilt ellevilt, seier Dag Bjørnar Mjelde til BA.

LES OGSÅ: Forbetra kart til Pokémonjakta

Oppblåsbar sjarmør

Og det er også difor den daglege leiaren like godt bestemte seg for importere ein gigantisk Pikachu heilt frå Kina.

For å gjere ting litt kjekkare for spelarane som stikk innom.

Den gule sjarmøren måler 4,5 meter i høgde.

– Kor mykje kosta vidunderet?

– Nei, det kan eg ikkje seia. Men det var ikkje «hakkande gale». Det kan eg seia. Relativt billig moro, svarer Mjelde lattermild.

Den oppblåsbare Pikachuen blei sett opp for første gong fredag kveld.

Lørdag var den oppe igjen, og planen er at den skal vere det kvar dag framover.

– Men den må takast ned igjen på kveldstid. Den kan ikkje bli øydelagd av vêret, seier Mjelde.

LES OGSÅ: Har kasta seg på pokemon-feberen

Pikachu har invadert Tellevik kystfort

Pikachu har invadert Tellevik kystfort Foto:

Håpar det skal gå verda rundt

Museet har truleg gått litt lengre enn dei fleste for å ta vare på Pokémon-spelarane no i sommar.

Blant anna ved å sette opp telt med ein egen ladestasjon for mobiltelefonar.

Dette på grunn av det dårlege vêret.

– Vi synest at dette er ein flott aktivitet. Folk kjem seg ut, for eksempel frå mørke gutterom. Samtidig får dei lære litt lokalhistorie. Dette er berre positivt, sier han blidt.

LES OGSÅ: Fekk Pokemon Go-bot i Knarvik

I tillegg synest han at det er ein bra aktivitet fordi det får folk til å sosialisere.

– Vi har også sett at det kan integrere folk. Blant anna hadde vi ein polsk mann som var her med borna sine for å spele. Han fortalde meg at dette er ein av dei få gongene nordmenn faktisk hadde snakka til han. Det gjorde dei aldri ellers, seier Mjelde.

– Korleis har folk reagert på Pikachuen?

– Folk er overbegeistra. Det er rett og slett halleluja-stemning her.

Museumet har lagt ut bilete av «statua» på Facebook, kor over 1200 mennesker har sett den massive figuren.

Lørdag blei han dronefilma, og håpet er at Tellevik kystfort-museum og Pikachuen skal gå verda rundt på internett.

LES OGSÅ: Pokèmon-jakt fekk folk til å ringa politiet

Artikkeltags