112 millionar køyretøy over Nordhordlandsbrua på 25 år  

Rundt 112 millionar køyretøy har sett kursen over Nordhordlandsbrua sidan kong Harald stod for den offisielle opninga på Flatøy 22. september i 1994. Søndag er det 25-årsjubileum for fastlandssambandet. Trafikken over Salhusfjorden er omtrent tredobla og døgntrafikken har runda 18 000 køyretøy, som tilsvarar ca 6,5 mill. køyretøy i året.