Må avlyse stor næringslivskonferanse

Svein Nordvik og Nordhordland Næringslag har avlyst Novemberkonferansen som var planlagt tysdag 8. november. Foto: Irene Bratteng Jenssen

Svein Nordvik og Nordhordland Næringslag har avlyst Novemberkonferansen som var planlagt tysdag 8. november. Foto: Irene Bratteng Jenssen

Artikkelen er over 3 år gammel

Novemberkonferansen til Nordhordland Næringslag er avlyst.

DEL

Nordhordland Næringslag skulle 8. november arrangere ein større konferanse retta mot næringsliv og offentlege instansar på Nordhordland folkehøgskule. Konferansen skulle arrangerast i samarbeid med Sparebanken Vest og Pwc.

Fredag ettermiddag opplyser dagleg leiar i Nordhorland Næringslag, Svein Nordvik, overfor Avisa Nordhordland at Novemberkonferansen er avlyst.

– Grunna låg påmelding har vi desverre måtta beslutta å avlyse konferansen på Frekhaug tirsdag 8. november, skriv Nordvik i ein epost.

På konferansen var det invitert toppar som SSB-direktør Christine Meyer, Schibsted-sjef Didrik Munch, Statoil-direktør Torbjørn F. Folgerøy med fleire.

– Sjølvsagt er det leit, vi har fått mange tilbakemeldingar undervegs på eit godt program og ikkje minst eit tema som er viktig for alle, produktivitet, seier Nordvik.

Han rettar no blikket mot 2017 og.

– No ser vi fram til neste konferanse, Næringskonferansen på Mongstad, 6. september 2017, veka før valet - med minst 600 tilstades, seier Nordvik.

Nordhordland Næringslag er organisasjonen som tidlegare gjekk under namnet Nordhordland Handverk- og industrilag, som organiserer over 300 bedrifter i regionen.

Artikkeltags