Indremisjonen arrangerer nyttårsmøte: Hentar Espen Ottosen til Frekhaug

Informasjonsleiaren i Norsk Luthersk Misjonssamband, Espen Ottosen, vert hovudtalar ved det tradisjonsrike Nyttårsmøtet i regi av Nordhordland Indremisjon denne helga.

Informasjonsleiaren i Norsk Luthersk Misjonssamband, Espen Ottosen, vert hovudtalar ved det tradisjonsrike Nyttårsmøtet i regi av Nordhordland Indremisjon denne helga. Foto:

Av

Vert hovudtalar på Nyttårsmøtet til Nordhordland Indremisjon denne helga.

DEL

Informasjonsleiaren i Norsk Luthersk Misjonssamband, Espen Ottosen, vert hovudtalar ved det tradisjonsrike Nyttårsmøtet i regi av Nordhordland Indremisjon denne helga.

Espen Ottosen er utdanna teolog og har vore misjonær i Peru. I seinare år har han dessutan tatt spesialutdanning i filosofi med fokus på emne som er relevante for tilhøvet mellom kristen tru og tanke.

I media er han mellom anna kjent for frimodige kommentarartiklar om svært tidsaktuelle emne. Og i bedehus-Norge er han dertil vel kjent som forkynnar og bibelutleggar.

Ved Nyttårsmøtet 2019 på Nordhordland Folkehøgskule kjem han til å halda to bibeltimar på dagtid laurdag 5. januar med tema som ikkje akkurat trakkar opp tidlegare godt opptrakka gangstiar for predikantar. For bibeltimane kjem til å handle om Ruts bok i Det gamle Testamentet. Og Ruts bok fortel om oldemora til kong David og gjev dertil informative gløtt inn i by-soga til småbyen Betlehem meir enn tusen år før Jesus vart født.

Også på storsamlinga laurdag kveld og på nattverdgudstenesta søndag 6. januar vert Espen Ottosen hovudtalar. I tillegg byr programmet for Nyttårsmøtet på ein eigen ettermiddagskonsert laurdag ettermiddag ved Ragnhild Aune og Sindre Skår.

Artikkeltags