Fleire toppar til konferanse i Nordhordland

Administrerande direktør i Statistisk Sentralbyrå, Christine Meyer, kjem til Novemberkonferansen på Nordhordland Folkehøgskole 8. november. Foto: NTB Scanpix

Administrerande direktør i Statistisk Sentralbyrå, Christine Meyer, kjem til Novemberkonferansen på Nordhordland Folkehøgskole 8. november. Foto: NTB Scanpix Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Nordhordland Næringslag, Sparebanken Vest og Pwc arrangerer novemberkonferanse 8. november.

DEL

Produktivitet, omsorgsteknologi, 3D-print, saman med situasjonen i media og i Statoil er tema på Novemberkonferansen til Nordhordland Næringslag, i samarbeid med SparebankenVest og PwC.

Konferansen blir arrangert på Nordhordland Folkehøgskole på Frekhaug tirsdag 8. november.

Første del av konferanse handlar om produktivitet og ny teknologi. Christine Meyer, adm. dir. i Statistisk Sentralbyrå ser på situasjonen for produktivitet i Norge. Andre tema er kvifor produktivitet er viktig, og produktivitet i verdsklasse.

Lindås-rådmann Ørjan Raknes Forthun og prosjektleiar Kari Bjørkheim fortel om omsorgsteknologi og Lean i Lindås.

Schibsted-sjef Didrik Munch fortel om media i ei ny verd, medan Statoil-direktør Torbjørn F. Folgerø forklarer korleis dei reduserer med 20 prosent.

Møtedeltakarane vert også presenterte for ei digital verktøykasse i tre delar. Konferansier er Ragnhild Janbu Fresvik frå Sparebanken Vest.

Konferansen er meint å gje inspirasjon og verktøy både til dei som jobbar i privat og offentleg sektor.

Artikkeltags