Slik blir bosstømminga i jula

NGIR sine gjenvinningsstasjonar er stengd raude dagar.

NGIR sine gjenvinningsstasjonar er stengd raude dagar. Foto:

DEL

NGIR melder at det på raude dagar, slik som første og andre juledag, ikkje blir henta boss. Det same gjeld også julaftan og første nyttårsdag, medan det på nyttårsaftan er normal drift.

På dei raude dagane er også alle gjenvinningsstasjonane stengde.

Vert dunken full, kan du setja ut ekstra sekkar med restavfall ved neste ordinære restavfallstømming, skriv dei på nettsidene deira.

I tillegg melder dei at ein kan samle papp og papir i plastsekkar som skal tømmast ved neste ordinære papirtømming, dersom ein har mykje av det. Ein kan alltid levere fleire sekkar med plastemballasje.

For hushaldskundar som har tømming på desse nemnde dagane, vil det bli ekstra matavfallstømming fredag 28. desember.

Artikkeltags