Desse fekk fag- og sveinebrev

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Fredag 26. januar fekk nye fagarbeidarar i Nordhordland utdelt fag- og sveinebreva sine under årets Sveinegilde på Alver Hotell.

DEL

I 2017 var det heile 58 lærlingar som bestod fag-/sveineprøva, og som dermed kunne smykka seg med tittelen fagarbeidarar. Fredag kveld var 39 av dei samla på Alver Hotell, der dei fekk overrekt beviset på at dei har bestått utdanninga, og er klare for arbeidslivet.

Sjølve overrekkinga var det dagleg leiar på Opplæringskontoret for Nordhordland, Lillian Vabø Mongstad som stod for.

Rektor på Knarvik vidaregåande skule, Kari Espelund Bruvik, var kveldens festtalar. I tillegg var der flotte kulturelle innslag av Henriette Søvik, Josefine Oppedal, Isak Dingen Johansen, Vilde Haukeland, Gabriella Haugsdal og Jon Martin Skauge frå Masfjorden kulturskule.

Etter utdelinga var det tid for festmiddag og talar. Fleire av ordførarane i Nordhordland nytta sjansen til å seie nokre ord til dei nyutdanna fagarbeidarane.

Framme frå venstre: Ann-Iren Kvamme Totland (Solhaugen Barnehage), Lise-Marie Albertsen (Meland Kommune), Irene Rabago Aagaard (Lindås Kommune), Hans-Birger O. Strømsnes ( Lærøy Skog AS), Victoria Wisnes (Austrheim kommune), Vilde Seljelid Tveito (Lindås Kommune), Thale K. Heimdal Varfjell (Meland kommune), Bjørnar Smørdal Grindheim ( Lindås Rør & Sanitær AS), Alice Haugland Espeland ( CCB Mongstad AS), Simon Olai Vabø ( Modex AS).

2. rekkje frå venstre: Sondre Følid Vågenes (Modex AS), Andrea Hosøy Furnes (CCB Mongstad), Siv-Charlotte Hindenes ( Lindås kommune), Linn Fitje Dale ( Lindås kommune), Miriam Standnes Haugen (Masfjorden kommune), Stine Hjortland Vågset (Masfjorden Kommune), Milica Milicevic Idsø ( Lindås kommune), Damian Wojciech Kopciuch (Risnes Elektro AS), Knut Olav Øyerhavn Ulvenes ( KB Entreprenør AS), Daniel Pettersen (Meland Elektro), Espen Wilmann Dalseide (Meland Elektro AS), Fredrik Walde Andersen (Byggteam Vest AS), Adrian Skårnes (Caverion AS), Simen Hodnekvam Natås (Storebø Bil & Traktor AS), Fredrick Hordvik Espelid (Villanger & Sønner AS), Adrian Høgheim Vaktskjold (PSW Group AS).

Bak frå venstre: Amund Bjørnøy Alver (Risnes Elektro), Remi Risnes Fjellsende ( Fosnøy Bilsenter AS), Martin Skiftesvik (Radøy Auto AS), Jan Richard Alvær Midtgård (Hjelmås VVS), Eivind Urhaug (Majo Eigedom AS), Vegard Kvamme (Byggteam Vest AS), Vegard Sandvik Johannessen (H.Sandvik AS), Mathias Blindheim (CCB Mongstad AS), Kristoffer Askeland (Dekkhuset AS), Erlend Kvalvaag (Lerøy Skog AS), Lill Iren Kvalheim Vik (Meland Kommune), Espen Hella Hauge (Nordhordland Grunn & Betong AS), Sondre Røskeland (Helland Elektro).

Artikkeltags