2019 – året næringslivet i Nordhordland tok grep

«Nordhordland kan verte verdsleiande. I å utvikle produkt og teneste som bidreg til at verda klarar å redusere klimagassutsleppa.», skriv Karina Garnes Reigstad i Miljøpartiet Dei Grøne i dette debattinnlegget. Ho meiner næringslivet i regionen må omstille seg til ei ny tid utan olje så raskt som råd. Arkivfoto: Yngve Garen Svardal

«Nordhordland kan verte verdsleiande. I å utvikle produkt og teneste som bidreg til at verda klarar å redusere klimagassutsleppa.», skriv Karina Garnes Reigstad i Miljøpartiet Dei Grøne i dette debattinnlegget. Ho meiner næringslivet i regionen må omstille seg til ei ny tid utan olje så raskt som råd. Arkivfoto: Yngve Garen Svardal

Av
DEL

MeiningarI 2030 skal vi leve av noko anna enn olja. Det smerter å høyre dette i ein region som vår, som har eit næringsliv med verdsleiande kompetanse nettopp innan olje og gass. Nettopp derfor er det så viktig å kome i gang med å utvikle trygge, lokale arbeidsplassar for framtida.

For framtida blir annleis. Fallande oljeprisar, reduserande etterspurnad og høge norske produksjonskostnader gir mindre optimistiske utsikter for næringa og produkta ho sel. I tillegg må vi ta inn over oss at målet om å halde den globale temperaturstigninga under 1,5 eller maksimalt to grader, ikkje er i samsvar med målet om at Noreg skal fortsette å levere mest mogeleg fossil energi i åra framover.

Vi må bli meir lik våre naboar. Eit Noreg utan olje treng ikkje å vere veldig annleis enn i dag. Vi må på mange måtar bli eit normalt skandinavisk land, med ein næringsstruktur som liknar meir på det vi finn i våre naboland. Korkje Sverige eller Danmark har oljeinntekter å lene seg på, men dei har det jammen ikkje så verst dei heller. Dei ligg også – i grell kontrast til Noreg – an til å oppfylle sine klimamål.

Desse landa har ein større tenesteytande sektor enn Noreg. Tre av fire nye arbeidsplassar i Noreg må skapast i tenesteytande næringar som for eksempel innan helse, kunnskap og kultur. Dette samsvarar godt også med utviklinga i vår region. Etter industrien er helse-, sosial- og utdanningssektoren dei største arbeidsgjevarane i regionen. Om vi ønskjer oss ein konkurransedyktig industri her også i framtida, må endringa starte no.

Det er mykje ein kan gjere lokalt, i påvente av at regjeringa skal ta ansvar. Vi er kjent med nokre av utfordringane som kjem med dei globale trendane og vi kjenner næringsstrukturen vår. Vi har fleire verkemiddel i regionen som enkelt kan rettast mot grønare nyskaping. Vi treng ikkje vente på regjeringa for å setje i gang med ansvarlege innkjøp i offentleg sektor, klimakutt i kommune- og bedriftsrekneskapa eller å utvikle Mongstad til navet i vår region, sjølv utan olja.

Nordhordland kan verte verdsleiande. I å utvikle produkt og teneste som bidreg til at verda klarar å redusere klimagassutsleppa. Flytande havvindmøller som gjer at land kan verte sjølvforsynte med elektrisk kraft, nullutsleppsbåtar som reduserer behovet for transport til lands, eller lagring av Europas CO₂-utslepp. Vår region har konkurransefortrinn innan alle desse områda, og mykje meir.

Må 2019 verte året Nordhordland tar i bruk kompetansen på nye måtar, tar sats, og tar fatt på Noreg sitt neste industrieventyr!

Artikkeltags