Gå til sidens hovedinnhold

Ferjesamband stengt på grunn av vinden

Artikkelen er over 5 år gammel

Ferjer på fleire samband er innstilte på grunn av uvêret tirsdag kveld.

Sambandet Leirvåg - Sløvåg var først ut. Det meldte ferjeselskapet Norled på nettsidene sine tirsdag kveld klokka 1804.

«Sambandet er stengt inntil vidare grunna dårleg vêr», skriv Norled.

Det er ferja «MF Melderskin» som normalt trafikkerer sambandet.

Ferja vart også innstilt under ekstremvêret Tor 29. januar.

LES OGSÅ: Varsler full storm på Fedje i kveld

Klokka 20.44 kom også meldinga om at Fedje-ferja sin siste rundtur var kansellert.

«Avgang frå Fedje kl. 21.20 og frå Sævrøy kl. 21.55 kansellerast grunna vêrforholda», lydde meldinga.

Klokka 21:10 meldte Norled også om kanselleringar på det normalt stabile sambandet Lavik-Oppedal.

Her var det avgangane frå Oppedal kl. 21.40 og Lavik 22.10 som blei kansellert i første omgang.

Onsdag morgon går alle ferjene som normalt igjen.

LES OGSÅ: Tirsdag treffer en ny storm Vestlandet

Kommentarer til denne saken