Vogntog fekk røykutvikling på E39 på Flatøy

Brannvesen og politi rykte ut til melding om røykutvikling frå eit vogntog på Flatøy onsdag kveld. Det viste seg å vere ganske så udramatisk, vogntoget hadde fått lekkasje på kjølevæska og dermed oppstod det damp frå motorrommet.

Brannvesen og politi rykte ut til melding om røykutvikling frå eit vogntog på Flatøy onsdag kveld. Det viste seg å vere ganske så udramatisk, vogntoget hadde fått lekkasje på kjølevæska og dermed oppstod det damp frå motorrommet. Foto:

Tankbilen hadde berre lekkasje av kjølevæske, men sjåføren får ros av brannvesenet for profesjonell jobb.

DEL

Klokka 16.50 melde 110 sentralen i Hordaland på twitter om røykutvikling frå eit vogntog ved Nordhordlandsbrua. Vogntoget hadde køyrd tilsides ved busstoppet i sørgåande retning på E39 på Flatøy og hindra ikkje trafikken.

Både brannvesen og politi rykte ut. Avisa Nordhordland var på staden berre minuttar seinare, men då var «dramatikken» allereie over.

– Det skjedde eigentleg ingenting. Han lek litt kjølevæske, så han må ha ein bergingsbil. Ein mekanikar kjem og skal sjå på det, så blir han ståande her til han har fått fiksa problemet, seier politibetjent Therese Muus-Falck ved Nordhordland lensmannskontor.

Både brannvesen og politi var på staden.

Både brannvesen og politi var på staden. Foto:

Rosar sjåføren

Røykutviklinga det blei meldt om var difor ganske så udramatisk.

– På grunn av lekkasjen på kjølevæska, så har det blitt damp, og det var det sjåføren av køyretøyet som oppdaga. Han køyrde til sides og gjorde det riktige; han ringde i staden for først å sjekke sjølv kva dette var og ta den sjansen, seier Ståle Hauge i Lindås, Meland og Modalen brann og redning.

Ståle Hauge, fagleiar i Lindås, Meland og Modalen brann og redning, rosar sjåføren av tankbilen for handelmåten.

Ståle Hauge, fagleiar i Lindås, Meland og Modalen brann og redning, rosar sjåføren av tankbilen for handelmåten. Foto:

Han meiner sjåføren handla på ein måte andre kan lære av.

– Her har sjåføren opptrått veldig profesjonelt, og han gjorde også ein god jobb etterpå. Det er veldig greit at sjåførar på slike vogntog opptrer slik, seier Hauge, som siktar til at vogntoget var ein tankbil.

Lasta med metanol

Bilen var lasta med metanol og var på veg frå Mongstad til Stavanger.

Avisa Nordhordland var i kontakt med sjåføren av vogntoget, men han ønskte ikkje namn og bilde i avisa. Han stadfestar at det ikkje var dramatisk sjølv om han kopla inn naudetatane.

– Nei, ikkje i heile tatt, men bilen er lasta med farleg gods. Alle uhell skal rapporterast, seier sjåføren.

Episoden var ikkje til hinder for trafikken på E39.

Episoden var ikkje til hinder for trafikken på E39. Foto:

Artikkeltags