Trond Egil Soltvedt har ikkje opplevd eitt tjuveri på ni år

Trond Egil Soltvedt har ikkje opplevd tjuveri frå Meland Aktiv i løpet av sine ni år som dagleg leiar. Arkivfoto

Trond Egil Soltvedt har ikkje opplevd tjuveri frå Meland Aktiv i løpet av sine ni år som dagleg leiar. Arkivfoto

Artikkelen er over 3 år gammel

– Dette er veldig, veldig trist, seier Trond Egil Soltvedt til Avisa Nordhordland.

DEL

Torsdag fortalde Avisa Nordhordland at to handballjenter på Nordre Holsnøy var fråstolne iPhonane sine under handballtrening i Meland Aktiv.

LES OGSÅ: Handballjenter fråstolne mobilar under trening

Telefonane skal ha blitt stolne frå lukka lommer i klede frå ein garderobe idrettsbygget mellom klokka 18 og 20 onsdag kveld.

– Dette er veldig, veldig trist, men vi tar det veldig alvorleg når slike ting skjer, seier Trond Egil Soltvedt, dagleg leiar i Meland Aktiv. 

– Første gong på ni år

Han fortel at tjuveri aldri har vore eit problem i hans tid på Meland Aktiv. 

– Dette er eit kjent problem i alle idrettshallar, men dette er første gong i løpet av alle åra eg har jobba her at vi har fått eit slikt problem, seier Soltvedt.

I ni år har den tidlegare englandsproffen vore dagleg leiar ved Meland Aktiv. 

Han fortel at Meland Aktiv har hallvakt på frivillig basis som sit frå klokka 17-22 om kvelden. Det er også kamera i eine delen av bygget.

– Ein idrettshall er jo ein stad der ein håper folk kan få lov å gå fritt og driva med aktivitet, sukkar Soltvedt.   

Telefon skal ha dukka opp

Han seier ein telefon skal ha dukka opp i går. Samtidig tar Meland Aktiv no fleire førehandsreglar.

– Vi er veldig på vakt og heng opp plakatar. Samtidig er det jo slik at dei fleste som går på eit idrettsanlegg veit at det er lurt å la lommebøker og mobilar ligga igjen i bilar eller heime,

– Dette er forferdeleg trist, for det er kun ein person som har gjort dette.

– Men vi får ta dette for det det er, og så heng vi opp plakatar om at ein ikkje må legga frå seg verdisaker.

Mora vi intervjua i går, Grethe Aadahl, hadde ikkje fått beskjed om at hennar dotter sin mobil var komen til rette i går.

Artikkeltags