Trafikkuhell på Frekhaug: To bilar i kollisjon på fylkesveg 564

Ein av bilane vart ståande midt i vegbana utan venstre bakhjul og med store skadar bak etter smellen.

Ein av bilane vart ståande midt i vegbana utan venstre bakhjul og med store skadar bak etter smellen. Foto:

DEL

Klokka 17.15 laurdag melde Vest politidistrikt om eit trafikkuhell på Frekhaug.

To bilar skal ha vore involvert og ein bil skal ha køyrt inn i sida på ein annan på fylkesveg 564. 

Ifølge politiet skal ikkje uhellet ha skjedd i stor fart. Alle involverte personar er ute av bilane.

Naudetatane er sendt til staden.

– Det var tre personar involvert i ulykken. To av dei er køyrd til Haukeland. Alle var bevisste etter hendinga, seier operasjonsleiar Per Algrøy i politiet til BA.

Eit bilde frå ein Nh-tipsar viser at ein av bilane står midt i vegbana med skadar bak og utan venstre bakhjul. 

Vegen vart difor sperra etter ulykka.

– Mykje kø i området. Begge bilar må ha bilbergar, melde politiet i 17.30-tida.

Ca. klokka 18 vart vegen opna att, melder politiet.

Har du tips til oss? Send melding til 2005 med kodeord «NHTIPS» eller ta kontakt på vår vakttelefon 916 20 916.

Artikkeltags