To personbilar kolliderte front mot front

Artikkelen er over 1 år gammel

Ein person vart lettare skadd.

DEL

Søndag kveld kolliderte to personbilar front mot front i Ådlandsvegen i Meland.

Det opplyser Vest politidistrikt på twitter i 18.30-tida.

I alt fire personar var involvert, og ein av dei vart lettare skadd, ifølge politiet.

– Vi har fått melding av personar på staden at ingen er fastklemt, seier vaktkommandør Karl Arne Røyset ved 110-sentralen i Hordaland til BT like før klokken 19.

Vegen er open for trafikk.

Artikkeltags