Slik vann tredjeklassingane 5000 kroner

Her ser vi korleis klasse 3 C på Sagstad skule har illustrert kva dei har opplevd på veg til skulen.

Her ser vi korleis klasse 3 C på Sagstad skule har illustrert kva dei har opplevd på veg til skulen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Klasse 3 C på Sagstad skule innkasserte 5000 kroner for dette bildet.

DEL

Klasse 3 C på Sagstad skule i Meland har gjort ein veldig god innsats i gå til skule-konkurransen «Beintøft» i regi av barnas miljøvernorganisasjon Miljøagentene.

Klassen har blitt kåra til vinnar blant 3.-4. trinnet av det første vekesoppdraget i konkurransen og har mottatt 5000 kroner i premie.

Det melder Miljøagentene i ei pressemelding.

Oppdraget handla om natur og lokalmiljø der elevane skulle illustrere klassens kulaste oppleving eller oppdaging frå skulevegen.

Klasse 3 C på Sagstad skule hadde 15. september gått 472 km i konkurransen.

Artikkeltags