Serlina (17) vidare i «The Stream»

TV-konkurranse: Serlina Wiig Sulebakk er videre til signeringsuke i musikkonkurransen «The Stream».Foto: Marie Skarpaas Karlsen

TV-konkurranse: Serlina Wiig Sulebakk er videre til signeringsuke i musikkonkurransen «The Stream».Foto: Marie Skarpaas Karlsen

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Frekhaugjenta Serlina Wiig Sulebakk (17) kom fredag kveld vidare i TV 2-satsinga «The Stream».

DEL

– Det er veldig rart og kjekt. Det er eigentleg litt vanskeleg å forklare, seier 17 år gamle Serlina til BA.

«Showcasen» som blei vist på TV 2 fredag kveld, blei spelt inn i slutten av mai. Sidan den gong har ho halde på hemmelegheita om at ho er vidare i programmet.

– Eg fekk seia det til nærmaste familie og vener, men ellers kunne eg ikkje røpa noko. Det har vore vanskeleg, spesielt dei siste vekene, seier Serlina.

LES OGSÅ: Vidare i «The Stream»

– Sjukt nervepirrande

Serlina er blant dei yngste artistane som deltek i det TV 2-sendte programmet. Men ho har lang erfaring med musikk og det å stå på scena.

Sidan ho var seks år, har ho saman med familien reist og spelt for mangetalls menneske. «Team Sulebakk» kallar dei seg, og Serlina fortel at det var rart å ikkje ha syskena saman med seg på scena.

LES OGSÅ: Konsert-draumen som vart sann

– Det var sjukt nervepirrande, og kanskje det verste eg har vore med på, ler 17-åringen, som går på musikklinja ved Bergen Private Gymnas.

– Det var berre så rart å skulle stå foran tre norske artistar på den måten, og at dei skulle vurdere opptredenen etterpå. Eg følte eigentleg at stillheita blei litt pinleg, legg ho til.

For artistutviklarane i programmet er Espen Lind, Marion Ravn og Cato Sundberg, som alle representerar kvart sitt plateselskap, henholdsvis Universal, Sony Music og Warner Music.

LES OGSÅ: Miriam (20) ligg på vippen i TV 2 sin musikkonkurranse «The Stream»

Kjensler og tankar

17-åringen laga sjølv musikk, og ga ut låta «Tenker På Deg» saman med den bergenske rapduoen Kløver og SkarreR i april i år.

Ho held i desse tider på med ein ny låt, og røper at teamet for songen er ungdomstid og press.

– Når eg skriv er det ei samling av kjensler og tankar. Eg synest ungdom no for tida har det vanskeleg, og då tenker eg på alt fra kroppspress til forventningar om gode karakterar, seier ho.

LES OGSÅ: Malene er blant dei mest avspelte i TV 2 si nye storsatsing – Malene knivar om å få visa seg fram for platebransjen

Signeringsveke neste

I dei innleiande rundane er det dei 100 mest strømma låtane på «The Stream»-nettsida som går videre til «showcase» i Oslo.

No er altså Serlina endå eit steg vidare i konkurransen, til den sokalla signeringsveka. Der skal dommarane signere tre artistar kvar, som alle går vidare til dei direktesendte sendingane.

– Det er veldig spennande å vere med. Det er veldig profesjonelt opplegg, seier Serlina.

Også Aron (17) frå Osterøy gjekk vidare i programmet. Han er elev på Manger folkehøgskule og har tidlegare også komme til landsfinalen i UKM.

Artikkeltags