Serlina (17) i Erik og Kriss-samarbeid

Kristoffer Tømmerbakke, Serlina Wiig Sulebakk og Erik Mortvedt.

Kristoffer Tømmerbakke, Serlina Wiig Sulebakk og Erik Mortvedt. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

I begynnelsen av september kom Frekhaug-jenta Serlina Wiig Sulebakk (17) vidare i «The Stream». Torsdag slapp ho låt med Erik og Kriss.

DEL

– Eg diggar låten, og det er veldig gøy å få vere med, seier 17-åringen.

Ho er i Oslo for å møte Erik og Kriss.

Torsdag står dei på scena på Fyrstikkalleen skole. Dette skjer i forbindelse med NRK sin temadag om nettmobbing. Også Sandra Lyng og Kaveh opptrer. Det heile blir strømma på P3 og mP3 sine nettsider.

– Songen handlar om det å vere sin eigen superhelt, at ein må tore å vere seg sjølv og gjere det ein vil. Eg trur det er mange som kjem til å kjenne seg igjen, seier Serlina til BA.

LES OGSÅ: Serlina (17) vidare i «The Stream»

Sluppe natt til torsdag

Serlina fekk ein telefon frå rapduoen fredag. Ho nølte ikkje eit sekund. Dagen etter var ho i studio.

Ved midnatt blei singelen «Superhelt» med Erik og Kriss Feat Serlina sluppe.

– Venene mine likar den og mange har delt den i sosiale medier. Dette er sjukt gøy, seier 17-åringen.

– Riktige for låten

Kristoffer Tømmerbakke, kjent under artistnavnet Kriss, fortel at han har fulgt med på TV 2-programmet «The Stream», og fann Serlina sitt bidrag på nett.

– Serlina si herlege stemme skil seg ut, og det at ho syng på bergensk gjer det endå meir spennande og sjarmerande. Vokalen hennar løftar verkeleg songen vår, og det er ingen tvil om at ho var den riktige for låten, seier han.

Gjekk vidare

Fredag kveld var Serlina igjen å sjå på TV-skjermen.

Signeringsveka stod for tur i «The Stream», og 33 artister skulle ned til 15.

Og Frekhaug-jenta sin suksess held fram, ho passerte også det nålauget. Av dei 15 som no er vidare får ni platekontrakt. Om Serlina blir blant dei får vi vite neste fredag.

Artikkeltags