Sakna 84-åring funnen i god behald

Artikkelen er over 2 år gammel

Ein sakna 84 år gamal mann blei torsdag kveld funnen i god behald. Det melder politiet.

DEL

Torsdag ettermiddag har politiet i Nordhordland leita etter ein 84 år gamal mann på Flatøy i Meland kommune.

Den 84 år gamle mannen var sakna frå bustaden sin på Ferekhaug, og blei etterlyst med bilde i media. Dette blei gjort i samråd med dei pårørande.

84-åringen blei samme kveld funnen i god behold. Det melder BA torsdag kveld.

– Dei pårørande kontakta politiet etter at dei blei uroa då dei ikkje fekk tak i han, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Bjarte Rebnord til BA. 

Det vart sett inn mannskap frå Røde Kors samt frå Norske Redningshunder som leitar i området rundt bustaden hans.

I tillegg leita mannskap om bord i ein båt frå det lokale brannvesenet i Solbergsvika, opplyste operasjonsleiaren.

Rundt ein time seinere kom meldinga om at leiteaksjonen kunne avsluttast.

Artikkeltags