Rykte ut til brann på kjøkken: – Det skal ha brunne oppetter ei vifte

Brannvesenet rykte søndag kveld ut til ein bustad på Flatøy i Meland etter melding om brann på eit kjøkken.

Brannvesenet rykte søndag kveld ut til ein bustad på Flatøy i Meland etter melding om brann på eit kjøkken. Foto:

Naudetatane rykte ut etter melding om brann i Flatøyvegen i Meland.

DEL

110-sentralen i Hordaland melde litt før klokka 18 at dei hadde fått melding om brann på eit kjøkken i ein bustad på Flatøy i Meland.

Naudetatane rykte umiddelbart ut.

Ifølge Vest politidistrikt skal det ha kome røyk og noko flammar frå eit kjøkken, i tilknyting til ei kjøkkenvifte.

Det var bebuarane sjølve som varsla brannvesenet klokka 17.42.

– Det skal ha brunne oppetter ei vifte. Bebuarane har sjølv forsøkt å sløkke, seier Glen Hamre, fungerande vaktkommandør ved 110-sentralen til BA.

Tre personar er registrert på adressa, men det er ikkje meldt om noko personskade, ifølge politiet.

Like før klokka 18.00 var dramatikken avblåst. Politiet melder at det ikkje er observert brann, og at det pågår utlufting.

Avisa Nordhordland sin journalist på staden melder at både brannvesen, politi og ambulanse var på staden. I 18.20-tida har ambulansen reist.

Utvendig var det for Nh sin journalist ikkje mogleg å sjå verken røyk eller flammar.

Artikkeltags