Kjemisk reaksjon ved Meland sjukeheim i natt: Seks personar vart evakuert

Dei evakuerte er tatt hand om av helsevesenet.

DEL

(BA): Natt til laurdag blei det meldt om ein automatisk brannalarm ved ein sjukeheim i Meland.

Det viste seg å vere stoff som hadde danna ein kjemisk reaksjon.

Seks personar, både bebuarar og tilsette, blei evakuert til andre delar av bygget, og brannvesenet fekk omjustert ventilasjonsanlegget for å hindre spreiinga av den forurensa luften.

Til BT fortel Jan Ove Haga ved 110-sentralen i Hordaland at Knarvik brannstasjon registrerte lukt i huset då dei kom til staden. Dei fann eit brent papir, og fekk undersøkt dette.

– Då dei undersøkte papiret fann dei ut at det hadde komme eit stoff på papiret som hadde utløyst ein kjemisk reaksjon, seier han til avisa.

Brannvesenet fekk lufta godt ut av sjukeheimen, og tilsette og bebuarar er no tilbake.

Artikkeltags