Helge tok dette nydelege bildet av måneformørking over Salhus

Måneformørkelse over Salhus fredag kveld. Bildet er tatt frå Fossesjøen i Meland fredag kveld klokka 23.20.

Måneformørkelse over Salhus fredag kveld. Bildet er tatt frå Fossesjøen i Meland fredag kveld klokka 23.20. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Helge Nordal vil dele dette flotte bildet med Nh-lesarane.

DEL

Fredag kveld kunne ein sjå eit spektakulært fenomen på himmelen, då det var måneformørking. Helge Nordal har sendt oss dette flotte bildet som han sjølv har tatt.

– Måneformørking over Salhus, fredag klokka 23.20. Bildet er knipsa frå Fossesjøen i Meland, skriv Helge Nordal i ein epost til Avisa Nordhordland.

Måneformørking oppstår når jorda går mellom sola og månen og hindrar at sollyset når månens overflate. Dette kan skje opptil fleire gongar i året, ifølge nettleksikonet Wikipedia.

Wikipedia skriv at årets måneformørking var av typen total og varte i 1 time og 43 minutt.

Slik deler du bilder med Nh-lesarane

Vil du gjere som Helge og dele bilder med NH-lesarane? Då kan du laste opp på Instagram under emneknagg #avisanh, du kan laste opp her på vår nettside www.nordhordland.no eller du kan sende til oss på epost redaksjonen@nordhordland.no

Artikkeltags