Har opna helsestasjon for ungdom mellom 13 og 22 år

Nyleg vart det opna ein eigen helsestasjon for ungdom i Meland. Tilbodet er lokalisert ved Frekhaug helsestasjon på rådhuset. (Arkivfoto)

Nyleg vart det opna ein eigen helsestasjon for ungdom i Meland. Tilbodet er lokalisert ved Frekhaug helsestasjon på rådhuset. (Arkivfoto)

Nytt tilbod i Meland kommune.

DEL

Helsestasjon for ungdom er eit nytt tilbod til ungdom i Meland mellom 13 og 22 år. Tilbodet starta opp 29. august i år og held til ved det som i dag er Frehaug helsestasjon på rådhuset.

Tilbodet er gratis, og du treng ikkje bestille time. På helsestasjon for ungdom treff ein helsesøster og lege.

Helsestasjonen er open onsdagar klokka 14.30 - 17.30. Her kan ungdomen få rettleiing og hjelp til alt som handlar om prevensjon, spørsmål i samband med seksualitet, snakka om ting som er vanskeleg enten det er fysisk eller psykisk helse, med meir.

Artikkeltags