Hadde narkotiske tablettar og anabole steroidar

Politiet gjorde fredag formiddag funn av narkotiske tablettar og anabole steroidar då dei rykte ut på det som i utgangspunktet var ei sak om ordensforstyrrelse. Illustrasjonsfoto: NTB Scanpix

Politiet gjorde fredag formiddag funn av narkotiske tablettar og anabole steroidar då dei rykte ut på det som i utgangspunktet var ei sak om ordensforstyrrelse. Illustrasjonsfoto: NTB Scanpix Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

To menn i 30-åra blei fredag pågripne av politiet for oppbevaring av narkotiske tablettar og anabole steroidar.

DEL

– Vi pågreip to personar i Meland kommune fredag formiddag der vi gjorde beslag i ein del narkotiske tablettar, seier Kurt Inge Hordvik, politioverbetjent ved Nordhordland lensmannskontor. 

Begge er menn i 30-åra og kjenningar av politiet. Dei har hamna i politiet sitt søkelys tidlegare på grunn av liknande forhold. Denne gongen var det litt tilfeldig at dei blei hanka inn.  

– Dette hadde sitt utgangspunkt i ordensforstyrrelse, og så rulla saken vidare, seier Hordvik.

– Er det mykje av denne typen tablettar i omløp i Nordhordland?

– Det er ein god del. Det er dette, hasj og litt pulver det går i, svarar politioverbetjenten. 

Hordvik opplyser at dei to menna vil bli bøtelagt for forholdet.

Artikkeltags