Gir gass for å redda tannklinikken

VIL FLYTTA: Det brenn eit blått lys for tannklinikken på Frekhaug om fylket får det som dei vil. Ønsket er å samlokalisera alle tannklinikkar til det nye helsehuset i Knarvik.FOTO: Morten Sæle

VIL FLYTTA: Det brenn eit blått lys for tannklinikken på Frekhaug om fylket får det som dei vil. Ønsket er å samlokalisera alle tannklinikkar til det nye helsehuset i Knarvik.FOTO: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

– Dette vil vera uheldig for våre unge og eldre. Her er det berre å gi gass og vera tydelege.

DEL

Dei seier Nils Marton Aadland (H) om fylket sine planar om å samlokalisera alle tannklinik-kane i Nordhordlandskom- munane til det nye helsehuset i Knarvik.

– Dårleg i form og innhald

– Denne planen som vart lagt fram for to år sidan, er dårleg både i form og innhald, seier Aadland.

– Fakta her i Meland er at vi har fire skular med gangavstand til tannklinikken. Her er det viktig at alle no brukar sine folk i fylkestinget til å ta ned denne saka, seier han.

LES OGSÅ: Slik vart Lyder kvitt tannlege-skrekken

– Eg oppfattar dette som ei nedbygging av tannhelsetenesta i Nordhordland utanom Knarvik. Dette vil vera veldig uheldig for våre unge og eldre, seier han.

Ikkje overraska

Marit Jøssang (KrF) trekker fram samfunnsøkonomien.

LES OGSÅ: Den einaste reguleringstannlegen

– I tillegg har vi dei samfunnsøkonomiske perspektiva, med foreldre og pårørande som må ta fri. Her må vi vera over-tydelege, seier Jøssang.

– Eg er ikkje overraska over at noko sånt kjem, i og med at vi har sagt ja til helsehus, seier Sigmund Larsen (Frp).

LES OGSÅ: Tannlegen inviterte alle pasientane på konsert

– Dette er syretesten på ein del tenester som vil flytta inn. Det er viktig at vi argumenterer godt, det er ikkje automatikk i at ein sparer sjølv om ein har fullt belegg her, seier Larsen.

Artikkeltags