Gamalt eldhus i Meland begynte å brenne

Travelt for brannvesenet i Nordhordland tysdag kveld.

DEL

Det oppstod brann i eit gamalt eldhus på Frekhaug i Meland tysdag kveld.

110-sentralen i Hordaland melde om brannen i 21-tida på twitter og rykte ut med mannskap frå Knarvik. 

I 21.30-tida kunne 110-sentralen melde at der ikkje lenger var opne flammar, men at det framleis kom røyk frå huset.

Klokka 21.50 opplyser Lindås, Meland og Modalen brann og redning at brannen er sløkt.

Eldhuset skal vere frå 1500-talet, ifølge brannvesenet. Kor skadd det har blitt i brannen er foreløpig uvisst.

Kort tid etter fekk brannvesenet melding om ein bilbrann på Seim, nærmare bestemt i Haukåsvegen.

– Ja, først var det eit eldhus som brann, og mens dei heldt på der, kom det melding om bilbrann på Feste. Mannskap frå Lindås stasjon rykte ut der, seier vakthavande ved 110-sentralen i Hordaland til Avisa Nordhordland.

Då Avisa Nordhordland snakka med 110-sentralen litt før klokka 22.30 var bilbrannen framleis uavklart.

– Brannvesenet har ikkje vore der enno, men eg kan ikkje tenke meg det er mykje igjen av bilen. Den stod fire-fem meter frå eit hus, så vi har vore litt redde for huset, men vi har ikkje fått fleire telefonar frå innringar, så det har nok gått bra, seier vakthavande.

Det blei bekrefta klokka 22.36 på twitter.

Artikkeltags