Fekk verdifull nattbag

Viktig gåve: Aasta Kalvik Haukås (t.v), leiar i LHL Meland, har overrekt nattbagen til Pernille Eikeland i nattenesta, tilknytta Meland sjukeheim. Gunn Husebø Isdal og Linda Meyer til høgre. Alle foto: LHL MEland

Viktig gåve: Aasta Kalvik Haukås (t.v), leiar i LHL Meland, har overrekt nattbagen til Pernille Eikeland i nattenesta, tilknytta Meland sjukeheim. Gunn Husebø Isdal og Linda Meyer til høgre. Alle foto: LHL MEland

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

LHL Meland var onsdag i det spandable hjørnet. Natt-tenesta fekk nattbag og Bergensklinikkane ein gåvesjekk på 10.000 kroner.

DEL

Overrekkinga frå lokallaget i Landsforeningen for hjerte og lungesyke skjedde på eldresenteret i Meland onsdag kveld.

– Vi er eit lag i ein organisasjon som ønsker å bidra. Vi ønsker å gje noko tilbake og spesielt i vårt lokale nærmiljø, seier sekretær i LHL Meland, Per Ole Eide til Avisa Nordhordland.

Den mest lokale gåva gjekk til natt-tenesta som er tilknytta Meland sjukeheim. Dei fekk ein bag til ein verdi av 22 500 kroner. Denne skal innehalda det mest naudsynte utstyret tenesta har behov for ute i felten.

– Det skal vera eit bidrag som hjelper veldig godt på for dei som er ute om natta og jobbar, seier Eide.

Reduserer køyringa

Gunn Husebø Isdal er hjelpepleiar ved sjukeheimen i Meland. Ho fortel at bagen mellom anna inneheld blodtrykksapparat og måleutstyr for O2-metning.

Dette er utstyr natt-tenesta tidlegare har måtta køyra inn att på sjukeheimen for å henta dersom behovet har oppstått.

– Dette er utruleg greit. Vi har lange avstandar på natt, dekkar heile Meland kommune. Då er det veldig greit å ha dette utstyret i bilen. No slepp vi å køyra inn på kontoret for å henta, noko som kan ta si tid, seier Husebø Isdal.

Sjekk på 10 000 kroner

Den andre gåva var ein sjekk på 10 000 kroner til LHL Bergensklinikkene, som 20. mai opnar ny avdeling på Nesttun. Denne erstattar gamle LHL Krokeide.

– Sjølv om klinikken ligg i byen blir dette vårt lokale rehabiliteringssenter, grunngjev Eide.

Sjekken vart teken i mot av overlege og lungespesialist Birger Norderud Lærum.

Artikkeltags