Jan Olav fekk ei ny framtid då han fekk plass på Bergen kontaktsenter på Holsnøy. Etter fleire år med rus og eit år på psykiatrisk sjukehus, blei han ønska velkomen dit av leiaren Trond Taule.

– Eg gjekk på tunge medisinar, hadde angst og var deprimert. På psykiatrisk sat eg og sydde korssting, og vandra rundt i gangane. Eg hadde slik uro inni meg. Eg hadde det ikkje godt, seier han.

Det var i 1997 Jan Olav fekk koma på behandling ute på garden på Holsnøy.

– Det var ikkje så mange som hadde tru på meg. Men Trond Taule var viljug til å hjelpe meg, fortel han.

På vinteren blei det for kaldt å sova i lageret. Då gjorde vi anten eit brekk og hamna i fengsel, eller la oss inn på ein behandlingsinstitusjon. Dette var vanleg. Slik heldt eg på i fleire år.

Jan Olav Hansen om ein av fleire harde periodar i livet sitt.

 

Alvorleg diagnose

Taule starta Bergen Kontaktsenter i 1986. Dei har no endra namn til DreamCenter Bergen. Senteret driv ein gjenbruksbutikk i Bergen, og ein rehabiliteringsgard på Landsvik i Meland.

Trond ringte til sjukehuset. Dei fortalte at Jan Olav var alvorleg sjuk og at han mest sannsynleg trengte medisinar resten av livet. Om han slutta med tablettar, kunne han bli psykotisk.

– Det var ein ven av meg som ringte og spurte om eg kunne ta imot Jan Olav. Då eg trefte Jan Olav første gongen, må eg seie at eg vart i tvil. Han såg ikkje god ut, for å seia det slik.

– Vi har hatt fleire med psykiske lidingar på garden, så det har eg respekt for. Jan Olav var ikkje noko unnatak. Du såg på heile mannen at han var i psykisk ubalanse. Han veksla mellom å vera optimistisk, for så å detta ned i kjelleran igjen. Då var alt berre svart.

Men etter tre veker skjedde det noko heilt spesielt.

– Eg må beskrive det som eit mirakel. Eg kunne sjå på Jan Olav at noko var skjedd. Andletet hans var lyst, og han var så glad. Atmosfæra endra seg på heile garden. Alle merkte det, fortel Taule.

Blei verande i Nordhordland

Jan Olav fullførte opphaldet på garden, og trengte ikkje lenger medisinar. Porsgrunn-mannen likte seg i Nordhordland, og busette seg fast her frå 2007. I fleire år var han medarbeidar på rehabiliteringssenteret på Landsvik, det same senteret som gjorde han sjølv frisk.

Vi har hatt fleire med psykiske lidingar på garden, så det har eg respekt for. Jan Olav var ikkje noko unnatak. Du såg på heile mannen at han var i psykisk ubalanse. Han veksla mellom å vera optimistisk, for så å detta ned i kjelleran igjen. Då var alt berre svart.

Trond Taule ved DreamCenter Bergen om tilstanden til Jan Olav då han kom til Holsnøy

 

DreamCenter har nyleg opna ein gjenbruksbutikk i Bergen, som er ein del av ettervernet. Dei ynskjer seg også eit inntakssenter i Bergen, og satsar som aldri før på å hjelpa dei som har det vanskeleg. Det kan vera rus, psykiatri eller andre årsaker.

– Det er ikkje lett å få støtte frå NAV til brukarane våre. Eg skulle ynskt det var lettare å få økonomisk støtte for det arbeidet vi driv, seier Taule.

Dei seinare åra har Jan Olav jobba med psykisk utviklingshemma i Meland kommune.

– Eg trivst utruleg godt i jobben min, og eg trivst godt her i Nordhordland.

Trening som terapi

Jan Olav har i mange år trena fast på treningssenteret Studio Nor. Det har hjulpe mykje for han.

– Eg synest det er godt å trena, og det hjelper på humøret. Eg tenkjer og det er viktig no som eg held på å bli gamal, å halda kroppen min i form. Eg er jo over seksti år no, seier han.

I 2013 blei Jan Olav kåra til «Årets medlem» ved treningssenteret. Tine Samdal Olson, som leier senteret, omtalar Jan Olav som ein humørspreiar.

– Ja, han var ein enkel kandidat. Han er alltid positiv i møte med dei tilsette og i møte med dei andre som trenar her. Han har vore stabil og aktiv ved senteret i desse åra. Eg vil beskrive han som ein solstråle, seier ho.

– Han har og vore open om bakgrunnen sin, og eg synest det er kjekt at det har gått så bra med ham.

Inn og ut av fengsel

Jan Olav er fødd i 1953 i Porsgrunn, men flytta tidleg til Rjukan og deretter til Askim. Det var i Askim det begynte å skjæra seg. Då Jan Olav var 14 år stal han heimebrent. Ballen begynte å rulle. På begynnelsen av 1970-talet flytta han til Oslo og slo seg saman med dei som dreiv med blandingsmisbruk. Dei ble kalla søppelnarkomane.

I 1972 kom Jan Olav til Fredrikstad. Livet i rus heldt fram. Men her fekk han høyra evangeliet for første gong. Det gjorde inntrykk på han.

– Men vi var ikkje villege til å forlata rusmiljøet, seier han.

Eit såkorn blei derimot sådd. I Fredrikstad overnatta han i eit lager for hestevogner, der han hadde ei gamal seng.

– Eg gjekk stygt kledd og hadde langt hår og såg ikkje noko særleg ut. På vinteren blei det for kaldt å sova i lageret. Då gjorde vi anten eit brekk og hamna i fengsel, eller la oss inn på ein behandlingsinstitusjon. Dette var vanleg. Slik heldt eg på i fleire år, fortel han.

Gudstru og tilbakefall

I 1977 hamna han på Blåkors, men det var først nokre år seinare den kristne bodskapen gjekk heilt heim.

Etter eit besøk på bakerste benk i Baptistkirken, bestemte Jon Olav seg for å bli kristen der og då. I denne perioden hamna han også på sjukehus for gulsott og han fekk påvist ein alvorleg leversjukdom.

Han vart frisk, men fekk likevel tilbakeslag med rus og problem. Etter ei skilsmisse, tok Jan Olav ein del feile val, og hamna tilbake i rus og problem - til det snudde etter behandling på Holsnøy.

No har han stått fram open og ærleg. Fortalt om mykje elendigheit gjennom livet.

– Om eg kan vera til hjelp og inspirasjon for andre, er eg glad for det, seier Jan Olav om kvifor han no fortel si sterke livshistorie.

Fakta

  • Dreamcenter Rehabiliteringsgård er eit heildøgns tilbod til menneske med rusproblem. Garden ligg i Landsvik i Meland kommune.
  • Garden kan ta i mot 8 personar om gongen.
  • Formålet er å gje eit heilheitleg tilbod til menneske i vanskelege livssituasjonar.
  • Filosofien er å behandla rusmisbrukarane utan bruk av medikament. LAR A eller B-preparater inngår ikkje i behandlingstilbodet. Behandlingstilbodet har ein kristen profil og samarbeider tett med kontaktkafé Lazarus og andre kristne organisasjonar i Bergen.
  • Garden samarbeidar med Frekhaug legesenter.
  • Fleire fagpersonale og andre tilsette har rusbakgrunn.
  • Døgnprisen for behandling er kr 990,-.
  • Ved inntak på klienten vere avrusa.
  • Klientane må avlegge urinprøver regelmessig. Rusing kan føra til utvisning.
  • Fleire fungerer rusfritt og er i fast arbeid etter eit opphald.
  • Rehabiliteringsgarden gjekk tidlegare under navnet Bergen Kontaktsenter og har vore i drift sidan 1986.

Kjelde: dreamcenterbergen.no