Braut seg inn i containarar og stal motocross-syklane til dei yngste

Politiet gjorde laurdag åstadsgranskingar hjå Meland Motorsportklubb. Her er Georg Toppe Thunold i samtale med politibetjent. Foto: Privat

Politiet gjorde laurdag åstadsgranskingar hjå Meland Motorsportklubb. Her er Georg Toppe Thunold i samtale med politibetjent. Foto: Privat

Artikkelen er over 3 år gammel

– Det er trasig, spesielt når det er rekrutteringssyklane som er stolne. Det set klubben skikkeleg tilbake.

DEL

Det seier Carl-Erik Høgquist, styremedlem og tryggleiksansvarleg i Meland Motorsportklubb.

Laurdag i 11.30-tida oppdaga han og eit klubbmedlem at nokon hadde gjort eit frekt innbrot i containarane der klubben mellom anna oppbevarer motocrosssyklar.

Klubben held til i Skjelangervegen ved foten av Eldsfjellet i Meland.

– Begge containarane våre er brotne opp, og det er stole i alt tre motocross-syklar. To rekrutteringssyklar og ein privat sykkel, seier Høgquist til Avisa Nordhordland.

Han legg til at det kun er syklane som er stolne og at det ikkje er gjort hærverk.

Lånt ut til dei yngste

Syklane som er stolne frå klubben er ein Kawasaki KLX 110 og ein Yamaha TTR 50. Høgquist anslår at dei har ein samla verdi på melllom 40.000 og 50.000 kroner.

– Dette er syklar som nybegynnarane pleier å køyre, dei passar for aldersgruppa 5-12 år seier Høgquist.

No må han sjå at klubben står utan ein einaste sykkel av denne typen.

– Det var berre desse vi hadde. Det er trasig, spesielt når det er rekrutteringssyklane som er stolne. Det set klubben skikkeleg tilbake, seier Høgquist.

– Kva konsekvensar får det for klubben?

– Det blir vanskeleg å rekruttere. Syklane er for nybegynnerar og har vore til låns dei tre første treningane. Vi har ikkje pengar til nye, for no lagar vi ny bane, seier Høgquist.

Den tredje private sykkelen som er stolen er truleg ein Suzuki - 85 kubikkar. 

Trur på oppklaring

Motorsportklubben har meld saka til politiet, som ser alvorleg på saka. Laurdag var dei på staden og gjorde åstadsgranskingar.

– Har de håp om å få syklane tilbake?

– Politiet har gjort grundige åstadsundersøkingar, og vi veit jo at politiet i Nordhordland har ein god oppklaringsprosent. Difor har vi eit håp om at dette skal bli oppklart. Dette er heller ikkje syklar som er lett å omsette. Motorsportmiljøet i Noreg er OK, det vil bli kjent om dei blir forsøkt omsett. Dei kan jo ikkje leggast ut på Finn.no, seier Høgquist.

Det er ikkje noko bebyggelse i nærleiken av anlegget og det finst difor neppe vitner. Når det frekke tjuveriet har skjedd er usikkert. 

– Det må ha skjedd dei to siste vekene. Det har vore frost i det siste, og difor har det ikkje vore treningar. Sannsynlegvis har det skjedd den siste veka, antar Høgquist.

Motorsportklubben har tidlegare opplevd dieseltjuveri, men aldri at containarane har bltt brotne opp.

Artikkeltags