Bil stod i full fyr på E39 ved Nordhordlandsbrua

Dramatisk bilbrann på Flatøy mandag. – Det var godt alt gjekk bra, og at det ikkje var inne i ein tunnel, seier Øyvind Myhr, som har sendt denne videoen til Avisa Nordhordland. (Video: Øyvind Myhr)

Artikkelen er over 2 år gammel

Naudetatane rykte ut og fekk sløkt brannen raskt.

DEL

Ein personbil stod i full fyr på Flatøy ved Nordhordlandsbrua. Det melder Vest politidistrikt på Twitter i 19-tida.

Bilen stod i påkøyringsfeltet mot Bergen like før brua, og klokka 19.10 var naudetatane framme og sløkkingsarbeidet i gang.

– Vi fekk tatt det kjapt då vi kom fram, og brannen er no sløkt. Vegen vil bli opna i eitt felt snart, seier vaktkommandør Torkjell Helle ved 110-sentralen til BA litt over klokka 19.

Sjåføren kom seg ut av bilen, melder BA.

Nh-tipsar Øyvind Myhr opplevde brannen på nært hald.

– Det var ein heftig brann, og mykje røyk. Det var godt alt gjekk bra, og at det ikkje var inne i ein tunnel, seier Myhr til Avisa Nordhordland.

Det oppstod raskt lang kø i sørgåande retning på E39. I 19-tida stod køen over Hagelsundbrua og gjennom dei to rundkøyringane i Knarvik.

Politiet sperra nordgåande køyrefelt og leia ein bergingsbil frå Knarvik til Flatøy.

Det pågjekk ei stund ettersløkking på staden. Trafikken blei då dirigert manuelt.

Klokka 19.27 vart E39 opna igjen for fri ferdsel.

Artikkeltags