Bil køyrde av vegen og hamna på taket

Artikkelen er over 3 år gammel

Trafikkulykke i Landsvik i Meland. Politiet mistenker høg fart på ein av bilane.

DEL

Klokka 06.30 melder politiet at to bilar har vore involvert i ei trafikkulykke ved Landsvik i Meland kommune.

– Det vi har fått opplyst, er at det har vore ein samanstøyt mellom to bilar. Den eine har så køyrd av vegen, og hamna på taket, seier operasjonsleiar Morten Kronen i politiet til BA.

Sjåføren i bilen som køyrde av vegen kom seg raskt ut av køyretøyet, og blei tatt hand om av folk på staden.

– Ein person blir køyrd til legevakt for sjekk. Det ser heldigvis ut til å ha gått bra, dette. Førarkortet til den eine sjåføren er beslaglagt grunna mistanke om høg fart, seier operasjonsleiar Morten Kronen i politiet.

Bilen som køyrde utfor hamna cirka 20 meter utanfor vegen på taket. Begge bilene måtte ha bilberging.

Artikkeltags