Barnehagetilsett blei skoten i foten på tur med borna

Av og

Treft av vådeskot fra kråkejeger. – Vi er takknemlege for at det ikkje gjekk verre.

DEL

(BA): Ein barnehagetilsett på tur blei treft i skoen av eit skot frå eit salonggevær fredag ettermiddag.

Hendinga skjedde på Holsnøy i Meland kommune klokka 12.40.

– Vi fekk melding frå ein tilsett i ein barnehage som forklarte at han hadde vore på tur med barnehagen då han høyrde eit skot og kjende noko i foten. Då han undersøkte skoen, fann han eit prosjektil frå ei salongrifle. Det gjekk ikkje gjennom skoen og ingen blei skadd, seier operasjonsleiar Lars Geitle ved Vest politidistrikt.

Skremte barn

Det var 17 personar på tur, av desse 14 barn.

– Ifølge meldar blei barna svært skremt av hendinga, seier Geitle.

Like i nærleiken var mannen som hadde avfyrt skotet. Han forklarte til den barnehagetilsette at han var ute for å skyte kråker, men at skotet hadde kommet på avveie.

– Heldigvis blei ingen skadd, men det er snakk om små marginar her, og det kan skje skadar når sånne kuler treff folk.

Det var VG Nett som omtalte saka først.

Blei ikkje skadd

BA har snakka med Marit Jøssang, som er pedagogisk leiar i Leiketun barnehage.

Ho fortel at den barnehagetilsette er heilt uskadd etter hendinga, og at det var få barn som fekk med seg kva som skjedde.

– Det går heilt fint med personen. Skotet trefte vedkommande på skoen frå langt hald, fortel ho.

Barnehagetilsette sørga umiddelbart for at barna blei tatt i sikkerheit fram til omstenda blei avklart. Etter kort tid blei det tydeleg at skotet trefte den tilsette ved eit uhell.

– Dei opplevde at det kom noko susande og så blei personen treft i skoen. Situasjonen blei ikkje opplevd som skremmande for så veldig mange, men vi er veldig takknemlege for at det ikkje gjekk verre, seier Jøssang.

Politiet oppretta sak

Ein politipatrulje var på staden og avhøyrde både dei tilsette i barnehagen og skyttaren. Det er uvisst om det er tatt beslag i salongrifla, men det er oppretta sak hos politiet der hendinga blir etterforska som uforsvarleg omgang med skytevåpen.

– Typisk i slike saker er at det ender opp med bøter, men eg kan ikkje forskottere utfallet her, seier operasjonsleiaren.

Artikkeltags