Politiet ber om hjelp til å oppklara tjuvraid

Ivar Holmaas, lensmann i Gulen, Masfjorden og Solund, ber folk skriva ned registreringsnummer og melda inn mistenkelege observasjonar til politiet. Arkivfoto

Ivar Holmaas, lensmann i Gulen, Masfjorden og Solund, ber folk skriva ned registreringsnummer og melda inn mistenkelege observasjonar til politiet. Arkivfoto

Artikkelen er over 3 år gammel

Fleire grove tjuveri i Masfjorden i løpet av kort tidsrom.

DEL

I tidsrommet 5. til 7. mars har det skjedd heile fire innbrot på ulike stadar i Masfjorden

– Vi har hatt ein del grove tjuveri langs den gamle riksvegen, mellom Kringla og Haugsdal. Dei har vore på ferde på Furebotn, Solheim og Vågset, seier Ivar Holmaas, lensmann i Gulen og Masfjorden lensmannsdistrikt. 

Han fortel om innbrot i garasjar, verkstadbygg og liknande.

– Det er teke dekk, motorsag og forskjellig utstyr. Er det nokon som har opplysningar eller observasjonar vi kan nyttiggjera oss av, så er vi sjølvsagt interessert i det, seier Holmaas.

Ifølge lensmannen har det både vore innbrot og tilfeller der tjuvane har teke seg inn utan å måtte gjera innbrot.

– Til saman er det litt verdiar på dette, så vi skulle gjerne hatt hjelp av publikum, seier Holmaas.

Samtidig nyttar han høvet til å minna om at folk må passa på verdiane sine og vera observante. Lensmannen går så langt som å oppfordre publikum til å notere bilnummer og rapportere inn til politiet.

– Generelt må ein prøva å sikra dei verdiane ein har, men ein må også vera litt vakne og notere bilnummer og gi oss ei melding dersom ein ser noko mistenkeleg. Det oppfordrar vi publikum til. Dei fleste har ærlege hensikter, men så har ein dei som ikkje har det. Det er ikkje så mykje som skal til før vi har spor som peikar i ei retning, seier Holmaas.

Artikkeltags